Hopp til innhald

Syrisk Kurdistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rojava, 2014
Rojava, 2015
Rojava, 2016

Syrisk Kurdistan eller Vest-Kurdistan (kurdisk Rojavayê Kurdistan), òg stundom berre kalla Rojava[1] som tyder vestenkurdisk, er ein de facto autonom region nord og nordaust i Syria.[2] Syrisk Kurdistan er ein del av eit større geografisk område av Kurdistan, som omfattar delar av austlege Tyrkia (Tyrkisk Kurdistan), nordlege Irak (Irakisk Kurdistan), nordvestlege Iran (Iransk Kurdistan) og områda nord i Syria (Syrisk Kurdistan) busett hovudsakleg av kurdarar.[3] Kurdistan dekkjer omtrentleg dei nordvestlege Zagros og austlege Taurusfjella.[4] Sidan 2012 har mykje av Syrisk Kurdistan vore kontrollert av kurdiske militsar som ein del av den syriske borgarkrigen og i november 2013 erklærte representantar frå kurdiske, arabiske, assyrisk kristne og andre mindre minoritetar ei de facto regjering i regionen.[5]

Den syriske borgarkrigen

[endre | endre wikiteksten]

Under den syriske borgarkrigen vart Folkevernseiningane (YPG) vart skapt under administrasjonen til Den øvste kurdiske komiteen for å kontrollere kurdisk busette område i Syria. Den 19. juli 2012 erobra YPG byen Kobanê (Ayn al-Arab), og dagen etter Amûdê og Efrîn.[6] Dei to kurdiske hovudgruppene, Kurdisk nasjonalt råd (KNR) og Det demokratiske unionpartiet (PYD), danna sidan eit felles leiarskap for å styre dei erobra byane.[6] 24. juli hadde dei syrisk-kurdiske byane Dêrika Hemko (Al-Malikiyah), Serê Kaniyê (Ra's al-'Ayn), Dirbêsî (Al-Darbasiyah) og Girkê Legê (Al-Ma'bada) òg kome under YPG sin kontroll. Dei einaste store kurdiske byane som er under den syriske staten sin kontroll i dag er Hasakah og Qamishli.[7][8]

Kjende kurdiske busetnader i Syrisk Kurdistan

[endre | endre wikiteksten]
Den militære situasjonen i Syria under den noverande borgarkrigen. ██ Kontrollert av Den islamske staten av Irak og Levanten██ Kontrollert av syriske styresmakter██ Kontrollert av kuridiske sjølvstyrte.██ Kontrollert av syriske opprørarar.
  • Girê Bozana (Ain Issa)
  • Sûsik (Sawsik)
  • Çilaxa (Al‑Jawadiyah)
  • Dêrika Hemko (Al-Malikiyah)
  • Eyndîwer (Ain Diwar)
  • Girkê Legê (Al-Ma'bada)
  • Tel Koçer (al-Yarubiyah)
  • Tebkê (Tepke)

Arabiske busetnader i i Syrisk Kurdistan

[endre | endre wikiteksten]

Assyrisk/syriske busetnader i Syrisk Kurdistan

[endre | endre wikiteksten]