Summertime Blues
Summertime Blues Singel av Eddie Cochran | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve |
| |
Innspelt | 28. mars 1958 | |
Studio | Gold Star Studios, Hollywood, California | |
Sjanger | Rock and roll, rockabilly | |
Lengd | 1:53 | |
Selskap | Liberty | |
Komponist | Eddie Cochran, Jerry Capehart | |
Tekstforfattar | Eddie Cochran, Jerry Capehart | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Eddie Cochran | |
Eddie Cochran-kronologi | ||
«Pretty Girl» (1958) |
Summertime Blues | «C'mon Everybody» (1958)
|
«Summertime Blues» er ein song frå 1958 spelt inn av Eddie Cochran. Songen omhandlar vanskane ein vanleg tenåring hadde i USA på denne tida.
Songen vart skriven seint i 1950-åra av Eddie Cochran og manageren hans Jerry Capehart. Han vart opphavlege gjeven ut som ei B-side og nådde åttande plass på Billboard Hot 100 den 29. september 1958 og 18. plass på den britiske singellista. Handklappinga vart gjort av Sharon Sheeley og den djupe vokalen på slutten av kvart vers er av Cochran.
Songen vart nytta i filmen Caddyshack (1980). I mars 2005 plasserte musikkmagasinet Q songen på 77. plass over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 73. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Delar av teksten omhandlar misnøye med valrettsalderen i USA som på denne tida var 21. Slike protestar førte til at alderen vart sett ned til 18.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1958) | Plassering |
---|---|
Den austerrikske singellista[2] | 18 |
Canadian Singles Chart | 10 |
Rhodesian Singles Chart (1968)[3] | 12 |
Den sørafrikanske singellista (1968)[3] | 18 |
UK Singles Chart[4] | 18 |
UK Singles Chart (1968)[4] | 34 |
US Billboard Hot 100[5] | 8 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]«Summertime Blues» Singel av The Who frå albumet Live at Leeds | ||
B-side |
«Heaven and Hell» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1970 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:22 | |
Selskap | Track (UK)
Decca (US) | |
Komponist | Eddie Cochran, Jerry Capehart | |
Tekstforfattar | Eddie Cochran, Jerry Capehart | |
Låtskrivar(ar) | Eddie Cochran, Jerry Capeheart | |
Produsent | Kit Lambert, Chris Stamp | |
The Who-kronologi | ||
«The Seeker» (1970) |
«Summertime Blues» | «See Me, Feel Me» (1970)
|
«Summertime Blues» Singel av Alan Jackson frå albumet «Who I Am» | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. juli 1994[6] | |
Innspelt | 11. januar 1994 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 3:13 | |
Selskap | Arista Nashville | |
Komponist | Eddie Cochran, Jerry Capehart | |
Tekstforfattar | Eddie Cochran, Jerry Capehart | |
Produsent | Keith Stegall | |
Alan Jackson-kronologi | ||
---|---|---|
«(Who Says) You Can't Have It All» (1993) |
«Summertime Blues» | «Livin' on Love» (1994)
|
Summertime Blues Singel av Rush frå albumet Feedback | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 2004 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:52 | |
Selskap | Anthem (CAN)
Atlantic Records (US) | |
Komponist | Eddie Cochran, Jerry Capehart | |
Tekstforfattar | Eddie Cochran, Jerry Capehart | |
Låtskrivar(ar) | Eddie Cochran, Jerry Capeheart | |
---|---|---|
Produsent | Rush & David Leonard | |
Rush-kronologi | ||
«Secret Touch» (2002) |
Summertime Blues | «Far Cry» (2007)
|
Beach Boys
[endre | endre wikiteksten]Beach Boys spelte inn ei utgåva av songen som finst på albumet Surfin' Safari.
Blue Cheer
[endre | endre wikiteksten]Blue Cheer spelte inn songen for albumet Vincebus Eruptum i 1968. I deira versjon er alle svar-linjene i Cochran-utgåva fjerna og i staden bytta ut med instrumentale svar frå kvart medlem i bandet. Songen har vorte trekt fram som ein av dei første heavy metal-songane nokon gong i dokumentaren Metal: A Headbanger's Journey.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1968) | Plassering |
---|---|
Den nederlandske singellista[7] | 1 |
US Billboard Hot 100[8] | 14 |
Canadian Singles Chart | 3 |
The Who
[endre | endre wikiteksten]The Who si utgåve av songen finst på konsertalbumet Live at Leeds frå 1970. Denne utgåva er langt meir aggressiv (og høgare) enn originalen. Han vart spelt i A-dur, medan tredjeverset vert modulert opp til H-dur.
I denne utgåva syng John Entwistle vokaldelen til «the boss», «the father» og «the congressman» med den djupe, rumlande røysta si. I tillegg spelar han bassgitar og doblar Roger Daltrey på solovokal på versa. Pete Townshend spelar gitar og Keith Moon trommer.
Andre konsertutgåver frå The Who finst i dokumentarfilmen Woodstock og Monterey Pop Festival.
The Who spelte «Summertime Blues» fast på konsertane sine mellom 1967 og 1976, og stundom i åra etter, men aldri etter Entwistle døydde i 2002.
Andre Who-utgåver av songen finst på Live at the Isle of Wight Festival 1970, Odds & Sods og CD-utgåva av Live at the Royal Albert Hall.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1970) | Plassering |
---|---|
Canadian RPM Top Singles[9] | 8 |
Den nederlandske singellista[10] | 25 |
UK Singles Chart | 38 |
US Billboard Hot 100 | 27 |
Olivia Newton-John
[endre | endre wikiteksten]Oliva Newton-John spelte songen på albumet hennar Clearly Love frå 1976.
Alan Jackson
[endre | endre wikiteksten]Alan Jackson spelte inn songen for albumet «Who I Am» i 1994. Songen vart gjeven ut på singel og nådde førsteplassen på countrylista i USA, samt 104. plass på Billboard-lista.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1994) | Plassering |
---|---|
Canada Country Tracks (RPM)[11] | 1 |
US Bubbling Under Hot 100 Singles (Billboard)[12] | 4 |
US Country Songs (Billboard)[13] | 1 |
Rush
[endre | endre wikiteksten]Rush spelte inn songen for albumet Feedback i 2004 og gav han ut på singel. Dei nyttar gitarintroen frå Blue Cheer-utgåva og på same vis som The Who så vert tredjeverset modulert opp til H-dur.
The Black Keys
[endre | endre wikiteksten]The Black Keys spelte inn ei utgåva av songen og gav han ut som B-side til singelen «10 A.M. Automatic», samt som bonusspor på den janpanske utgåva av albumet Rubber Factory
Andre utgåver
[endre | endre wikiteksten]Songen har òg vorte spelt av
- Attitude Adjustment
- BAP (omdøypt og sunge på kölsch som 'Wo Mer eidlich Sommer Han')
- Bobby Fuller
- Bon Jovi
- Vow Wow
- Brian Setzer
- Bruce Springsteen
- Buck Owens
- Buddy Holly
- CAPRiS
- Cheech Marin
- Chris Spedding
- The Clash
- De La Soul
- Deborah Harry
- Dionysos
- Downchild Blues Band
- Dry Rot
- Eddie Meduza
- The Flaming Lips - Hear It Is
- The Flying Lizards
- Frank Sidebottom (kalla 'Timperley Blues')
- Gary Allan
- George Thorogood
- The Guess Who
- Guitar Wolf
- Hanson
- Heartsdales
- Jimi Hendrix
- James Taylor
- Joan Jett & the Blackhearts
- Jussi & The Boys (på finsk)
- La Muerte
- Last Ones to Leave
- Levon Helm
- Little River Band
- Lolita No.18
- Mick Farren
- moe.
- Motörhead - All the Aces: The Best of Motörhead
- Motorpsycho
- Nathan Cavaleri
- Olivia Newton-John
- Papa Doo Run Run
- Pfuri, Gorps und Kniri
- Ritchie Valens (live på Pacoima High School 1959)
- Ritchie Venus og the Blue Beatles - Rocking to the Grave
- Rockapella - Smilin' (August 2002)
- Robert Gordon og Link Wray
- Sandy Nelson
- Stray Cats
- T.Rex
- Takako Minekawa
- Terry Reid
- Twenty-Nineteen
- The Beach Boys
- The Black Keys
- The Rolling Stones
- The Surfaris
- The Old Spice Boys
- The Treads
- The Gants
- The Ordinary Boys
- The Ventures
- The Who
- Über Kings
- Ulfuls
- Van Halen
- Warren Zevon
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Summertime Blues» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juni 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Strong, M. C. (1995). The Great Rock Discography. Edinburgh: Canongate Books Ltd. s. 152. ISBN 0-86241-385-0.
- ↑ «Lescharts.com - Eddie Cochran: Summertime Blues». RPM. Henta 24. september 2019.
- ↑ 3,0 3,1 «Eddie Cochran». 45cat. Henta 24. september 2019.
- ↑ 4,0 4,1 «Eddie Cochran». Official Charts Company. Henta 26. september 2019.
- ↑ "Cochran?f=379&g=Singles Eddie Cochran Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Eddie Cochran. Prometheus Global Media.
- ↑ Alan Jackson Discography at LP Discographies.com link
- ↑ «Top 40 van week 25, 1968». Henta 26. september 2019.
- ↑ "Cheer?f=379&g=Singles Blue Cheer Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Blue Cheer. Prometheus Global Media.
- ↑ «Results - RPM - Library and Archives Canada - The Who: Summertime Blues». RPM. Arkivert frå originalen 23. oktober 2012. Henta 24. september 2019.
- ↑ «Lescharts.com - The Who: Summertime Blues». RPM. Henta 24. september 2019.
- ↑ "RPM Country Tracks." RPM. Library and Archives Canada. 1. august 1994. Retrieved 26. september 2019.
- ↑ "Alan Jackson Chart History (Bubbling Under Hot 100)". Billboard.
- ↑ "Jackson?f=357&g=Singles Alan Jackson Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Alan Jackson. Prometheus Global Media.
75: «Whole Lotta Love» Led Zeppelin |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 74 «Summertime Blues» Eddie Cochran |
73: «Superstition» Stevie Wonder |
- Songar frå 1958
- Singlar frå 1958
- Singlar frå 1968
- Singlar frå 1970
- Singlar frå 1994
- Singlar frå 2004
- Songar om tenåringar
- Songar om foreldreomsorg
- Eddie Cochran-songar
- Songar skrivne av Eddie Cochran
- Songar skrivne av Jerry Capehart
- Songar produserte av Keith Stegall
- Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista
- Liberty Records-singlar
- Arista Nashville-singlar
- Philips Records-singlar
- Track Records-singlar
- Decca Records-singlar
- Atlantic Records-singlar
- Musikkvideoar regisserte av Michael Salomon
- Ritchie Valens-songar
- Bobby Vee-songar
- The Beach Boys-songar
- The Crickets-songar
- Dick Dale-songar
- Blue Cheer-songar
- The Who-songar
- T. Rex-songar
- New Jordal Swingers-songar
- Olivia Newton-John-songar
- Shakin' Stevens-songar
- Joan Jett-songar
- The Flaming Lips-songar
- Brian Setzer-songar
- Buck Owens-songar
- Alan Jackson-songar
- Rush-songar
- The Flying Lizards-songar
- The Black Keys-songar
- James Taylor-songar
- Chris Farmer-songar
- Cliff Richard-songar
- The Drifters-songar
- The Ventures-songar
- James Last-songar
- Hank Marvin-songar
- Johnny Hallyday-songar
- Link Wray-songar
- The Guess Who-songar