Hopp til innhald

Subduksjon i geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juan de Fuca-plata søkk under den nordamerikanske plata og dannar ein subduksjonssone ved Kaskadefjella.

Subduksjon innan geologi er når ei jordplate vert pressa ned under ei anna jordplate og ned i mantelen. Områda mellom to slike plater vert kalla ei subduksjonssone.

I subduksjonssoner vert det danna djuphavsgroper, øybogar og fjellkjeder. Subduksjonssoner er område som er geologisk aktive med mange jordskjelv og vulkanar.