Sterk kuling
Utsjånad
Sterk kuling er vindstyrke 8 i Beaufortskalaen og den sterkaste av kulingkategoriane med ein vindsnøggleik på 17,2–20,7 m/s eller 63-75 km/t. Den eldre sjønemninga er klossreva kuling
Verknad på land
[endre | endre wikiteksten]Vinden brekk av kvister på tre. Det er særs tung å gå mot vinden.
Verknad i fjellet
[endre | endre wikiteksten]Fjellet står i kok. Kvister og lav frå trea driv med vinden. Det er særs vanskeleg å gå på ski, og nesten umogeleg å bere skia på nakken. Snøfokk set ned sikta til under 100 m og det er umogeleg å orientere seg i terrenget. Det er særs vanskeleg å følgje sjølv godt kvista løyper.
Verknad på sjøen
[endre | endre wikiteksten]Middel høge bølgjer (5,5 til 7,5 m) av større lengd. Bølgjekammane er ved å brytast opp i sjørokk, som driv i tydelege markerte strimer med vinden.
Andre språk
[endre | endre wikiteksten]Språk | Namn |
---|---|
Svensk | Hård vind (på land), hård kuling/kultje (til sjøs) |
Dansk | Hård kuling |
Færøysk | Skrið |
Islandsk | Hvassviðri |
Engelsk | Gale eller fresh gale |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«sterk_kuling» i Store norske leksikon, snl.no.