Liten storm
Utsjånad
Liten storm er vindstyrke 9 i Beaufortskalaen og den svakaste av stormkategoriane. Vindsnøggleiken er då 20,8–24,4 m/s eller 76-87 km/t. I eldre sjønemning heitte vindstyrken storsegls kuling.
Verknader
[endre | endre wikiteksten]Land
[endre | endre wikiteksten]Heile store tre svaiar og hiv på seg. Takstein kan blåse av.
I fjellet
[endre | endre wikiteksten]Vind og snøfokk gjer det umogeleg å ta seg fram på ski over fjellet. Sjølv i klårvêr og lite snøfokk kan påkjenninga bli så stor at ei snøhole eller ei hytte er einaste redning.
På sjøen
[endre | endre wikiteksten]Vinden skapar høge bølgjer (7-10 m). Tette skumstrimer driv i vindretninga. Sjøen byrjar å rulle, og sjørokket kan føre til nedsett sikt.
Andre språk
[endre | endre wikiteksten]Språk | Namn |
---|---|
Svensk | Mycket hård vind (på land), halv storm (til sjøs) |
Dansk | Stormende kuling |
Færøysk | Stormur |
Islandsk | Stormur |
Engelsk | Strong gale |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«liten storm» i Store norske leksikon, snl.no.