St. Georgs katedral
Utsjånad

St. Georgs katedral i Southwark i London er domkyrkja til det katolske Southwark erkebispedømme. Den ligg på Lambeth Road, rett ovanfor Imperial War Museum.
Den første katedralen stod ferdig i 1848, og var teikna av Augustin Pugin. Den blei sterkt skada under andre verdskrig, og den noverande katedralen blei innvigd i 1958.

Katedralen har ein sterk kortrafisjon, med eit gute- og mannskor som syng under gudstenester på søndagar og festdagar, og eit jentekor som syng under ein av søndagsgudstenestene.
London South Bank University nyttar kvar sommar katedralen til avslutningsseremonien sin.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2015-01-28 ved Wayback Machine.
Denne arkitekturartikkelen som har med religion og Storbritannia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |