Snus
Snus er ei form for tobakk som ikkje vert røykt, men lagd inn i munnen, ofte under leppene, slik at verkestoffa kan absorberast gjennom slimhinnene.
Snusen kom til Noreg på 1600-talet. Snusen var då tørr finmalen tobakk som vart inhalert gjennom nasen, likt det ein i dag kalla snuff eller nasesnus. I byrjinga var det ofte storkarar som nytta snus, medan arbeidsfolk togg skrå. Snusinga førte ofte til at ein laut nysa, så om ein naus mykje var det von om å verta teken for «storkar» [treng kjelde].
I dag er snusen samansett av finmalen tobakk som har vorte dynka i ei koksaltløysing, gjennomgått ein gjæringsprosess og tilsett ulike aroma, smak- og fargestoff. Snus er, til skilnad frå sigarettar, tillata å nyta innandørs på norske serveringsstader. Dei siste åra har talet på snusbrukarar auka i Noreg, noko som truleg har samanheng med endringane i røykelova.
Det er påvist at det er ein samanheng mellom bruk av snus og kreft. Særleg er risikoen stor for kreft i martøyret og i bukspyttkjertelen.[1]
Snus er ulovleg å selje i mesteparten av EU-området, utanom Sverige.[2]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «RØYK OG SNUS, KREFT». NRK. 1. september 2023. Henta 2. februar 2024.
- ↑ «Inga andra EU-länder får sälja snus». Sveriges Radio (på svensk). 22. november 2018. Henta 13. november 2022.