Snåsa kommune
Snåsa kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Snåsa | ||
Areal | 2 343 km² | ||
• land | 2 160 km² | ||
• vatn | 183 km² | ||
Folketal | 2 114 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål, nynorsk | ||
Norsk målform | nøytral | ||
Samisk språk | sørsamisk | ||
Ordførar | Arnt Einar Bardal (Sp) | ||
Kommunenr. | 5041 | ||
Snåsa 64°14′46″N 12°22′59″E / 64.24606°N 12.38298°E | |||
Kart som viser Snåsa kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Snåsa | |||
Nettstad: www.snasa.kommune.no |
Snåsa (sørsamisk: Snåase) er ein kommune i Trøndelag fylke som grensar til Steikjer, Verdal, Lierne, Grong og Overhalla. Han ligg nær det geografiske midtpunktet i Noreg.
Han er eit kjerneområde for sørsamisk, og 3-4 % av innbyggjarane står i Samemanntalet. Snåsa vedtok i september 2004 å ha både norsk og sørsamisk som administrasjonsspråk, og 1. januar 2008 vart kommunen, som den første i sørsamisk område, innlemma i Samisk språkforvaltingsområde, og dermed offisielt tospråkleg.[1]
Natur
[endre | endre wikiteksten]Sentrum ligg ved den nordaustre enden av Snåsavatnet, som er den sjette største innsjøen i Noreg. Det er eit av over 2 500 fiskevatn som finst i kommunen. Nesten halvparten av kommunen er lagt ut som nasjonalpark. Snåsa er den nordlegaste staden i Noreg for fleire planteartar, som svart-or, fruesko og myrkongle.
Orkideen marisko er avbilda i kommunevåpenet.
Næring
[endre | endre wikiteksten]Næringslivet i Snåsa er i stor grad landbruk, med industri utvikla med utgangspunkt i naturprodukt i kommunen, som tømmer og stein.
Kommunen er eit trafikknutepunkt som både Europaveg 6 og Nordlandsbanen går gjennom.
Verd å vitja
[endre | endre wikiteksten]- Bergsåsen naturreservat på ein kalkrygg sentralt i Snåsa
- Blåfjella-Skjækerfjella Nasjonalpark
- Gaundalen og Gjefsjø, to av tre norske fjellgardar som framleis er i drift
- Finsås, skogmuseum
- Megard kyrkestad, som har ei kjelde som skal vera signa av Heilag-Olav
- Saemien Sijte, kultursenter for den sørsamiske kulturen
- Snåsa Bygdemuseum i Viosen
- Snåsa kyrkje, ei steinkyrkje der dei eldste delane er frå det 13. hundreåret