Selim I av Det osmanske riket
Selim I av Det osmanske riket | |||
Osmansk miniatyr av Selim I | |||
Sultan av Det osmanske riket | |||
Regjeringstid | 1512-1520 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 10. oktober 1470 | ||
Fødestad | Amasya | ||
Død | 22. september 1520 | ||
Dødsstad | Çorlu | ||
Gravstad | Yavuz Selim Mosque | ||
Føregangar | Bayezid II | ||
Etterfølgjar | Suleiman I | ||
Gift med | Ayşe Hatun, Hafsa Sultan | ||
Dynasti | Det osmanske dynastiet | ||
Far | Bayezid II | ||
Mor | Gülbahar Sultan | ||
Born | Suleiman I av Det osmanske riket, Hatice Sultan, Şah Sultan, Beyhan Sultan, Hafize Sultan, Fatma Sultan, Şehzade Sultan |
Selim I (10. oktober 1470–22. september 1520) var sultan i Det osmanske riket frå 1512 til 1520. Selim I kom til trona ved å få brørne og nevøane sine drepne, på same vis som bestefaren hans Mehmed II.[1] Sjølv om regjeringstida hans berre varte i åtte år, hadde han stor innverknad på omfanget til riket. Som herskar førte Selim eit stort erobringsfelttog i Midtausten, og overvann Mamelukksultanatet, slik at han fekk kontroll over Levanten, Hejaz, Tihamah og sjølve Egypt. Kort tid før han døydde i 1520 dekte Det osmanske riket rundt 3 400 000 km². Det hadde vokse 70 % under han.[1]
I Persarriket sigra han over sjah Ismail I i slaget ved Chaldiran den 23. august 1514. Han erobrar også Armenia, vestre delen av Aserbajdsjan, Kurdistan og Mesopotamia. Deretter vende han seg mot Mamelukksultanatet i Egypt, og slo dei i Syria i 1516. Han inntok så Syria, Palestina og Egypt. Etter slaget ved Heliopolis marsjerte Selim 1517 inn i Kairo.
Ved å anlegga eit arsenal i Konstantinopel grunnla han det osmanske riket som sjømakt og som vernar av dei heilage byane Mekka og Medina tok han tittelen kalif.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Selim blei fødd i Amasya rundt 1470 som den yngste sonen til Şehzade Bayezid, den seinare sultanen Bayezid II. Mor hans var Gülbahar Hatun, ei tyrkarprinsesse frå Dulkadirstaten som låg rundt Elbistan i Maraş. Ho var dotter av Alaüddevle Bozkurt Bey, den ellevte herskaren av dulkadirane.[2][3]
Styre
[endre | endre wikiteksten]Guvernør
[endre | endre wikiteksten]Selim blei utnemnd til guvernør av Trabzon, og oppnådde stor ry blant militæret sitt for kampar mot safavidane, slaveraid og felttog i Kaukasus mot Georgia.[4]
Sultan
[endre | endre wikiteksten]Då sultan Bayezid utropte sonen Şehzade Ahmet til tronarving, gjort Selim opprør. Han styrta far sin med hjelp frå janitsjarane i 1512.[5]
Han hadde elles eit stort diktarry, og gav mykje støtte til kunst og vitskap.[5]
Familie
[endre | endre wikiteksten]Koner
[endre | endre wikiteksten]- Hafsa Sultan, favorittkona hans og mor til etterfylgjaren hans, Suleiman den store. Ho blei den fyrste som hadde tittelen valide sultan.[6]
- Ayşe Hatun, dotter av Meñli I Giray, kom inn i harem etter at den fyrste ektemannen hennar døydde i 1507.[7]
Søner
[endre | endre wikiteksten]Selim hadde minst seks søner:
- Suleiman den store
- Şehzade Salih (d. 1499, gravlagd i Gülbahar Hatun-mausoleet i Trabzon)[8]
- Şehzade Orhan (død før 1521)[9]
- Şehzade Musa (død før 1521)[9]
- Şehzade Korkut (død før 1521)[9]
- Üveys Pasha; uektefødd, guvernør av Jemen.
Døtrer
[endre | endre wikiteksten]Selim hadde minst ti døtrer, mellom anna:[9]
- Fatma Sultan, dotter av Hafsa Sultan. Fyrst gift med Mustafa Pasha, så med Kara Ahmed Pasha og til sist med Hadım Ibrahim Pasha.
- Hatice Sultan, dotter av Hafsa Sultan. Gift med Kapudan Iskender Pasha i 1509. Ho fekk minst fem søner og tre døtrer.[10]
- Hafize Hafsa Sultan, kanskje dotter av Hafsa Sultan, gift med Dukakinzade Ahmed Pasha. Ho fekk ein son kalla Sultanzade Osman Pasha som også var kjend som Kara Osman Şah.[11][12]
- Şah Sultan (gravlagd i Eyüp),[13] gift i 1523 med Lütfi Pasha. Dei fekk minst ei dotter, Esmehan Hanimsultan[11][12]
- Beyhan Sultan, kanskje dotter av Hafsa Sultan. Married in 1521 to Ferhad Pasha. She had at least one daughter, Esmehan Hanimsultan.[11][12]
- Gevherhan Sultan, gift i 1509 med fetteren sin Isfendiyaroglu Damad Sultanzade Mehmed Bey (son av Fatma Sultan, dotter av Bayezid II).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Ágoston, Gábor (2009). «Selim I». I Ágoston, Gábor; Bruce Masters. Encyclopedia of the Ottoman Empire. s. 511–3. ISBN 9780816062591.
- ↑ Babinger, Franz (1992), Mehmed the Conqueror and His Time, Princeton University Press, s. 57, ISBN 0691010781
- ↑ Agoston, Gabor (2011), «The Ottomans: From Frontier Principality to Empire», i Olsen, John Andreas; Gray, Colin S., The Practice of Strategy: From Alexander the Great to the Present, Oxford University Press, s. 116, ISBN 978-0140270563
- ↑ Baer, Marc David. The Ottomans: Khans, Caesars and Caliphs.
- ↑ 5,0 5,1 Goplen, Ådne (6. desember 2021). «Selim 1.». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ Frantz, Sarah S. G.; Selinger, Eric Murphy (10 January 2014). New Approaches to Popular Romance Fiction: Critical Essays (på engelsk). McFarland. s. 24–25. ISBN 978-0-7864-8967-1.
- ↑ Ilya V. Zaytsev, The Structure of the Giray Dynasty (15th-16th centuries): Matrimonial and Kinship Relations of the Crimean Khans in Elena Vladimirovna Boĭkova, R. B. Rybakov (ed.), Kinship in the Altaic World: Proceedings of the 48th Permanent International Altaistic Conference, Moscow 10–15 July 2005, p.341
- ↑ Şen, Zafer. Yavuz Sultan Selim'in Trabzon'da Medfun Bilinmeyen Kızı Kamer Sultan ve oğlu Şehzade Salih.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 9,3 A. D. Alderson (1956). The Structure of the Ottoman Dynasty. Government of India: Department of Archaeology. s. Table XXIX. Selim I and his family.
- ↑ Turan, Ebru (2009). «The Marriage of Ibrahim Pasha (ca. 1495–1536): The Rise of Sultan Süleyman's Favorite to the Grand Vizierate and the Politics of the Elites in the Early Sixteenth-Century Ottoman Empire». Turcica 41: 3–36. doi:10.2143/TURC.41.0.2049287.
- Şahin, Kaya (2013). Empire and Power in the reign of Süleyman: Narrating the Sixteenth-Century Ottoman World. Cambridge University Press. s. 51. ISBN 978-1-107-03442-6.
- Peirce, Leslie (2017). Empress of the East: How a European Slave Girl Became Queen of the Ottoman Empire. Basic Books. s. 157. «Muhsine, granddaughter of an illustrious statesman, is now largely accepted as Ibrahim's wife.»
- ↑ 11,0 11,1 11,2 Turan, Ebru (2009). The marriage of Ibrahim Pasha (ca. 1495–1536) – The rise of Sultan Süleyman's favourite to the grand vizierate and the politics of the elites in the early sixteenth-century Ottoman Empire. s. 14, 25.
- ↑ 12,0 12,1 12,2 Gök, İlhan (2014). II. Bâyezîd Dönemi İn'âmât Defteri ve Ceyb-i Hümayun Masraf Defteri (Thesis). s. 1464, 1465, 1469.
- ↑ Haskan, Mehmet Nermi (2008). Eyüp Sultan Tarihi, Volume 2. Eyüp Belediyesi Kültür Yayınları. s. 535. ISBN 978-9-756-08704-6.
- Denne artikkelen bygger på «Selim I» frå Wikipedia på bokmål, den 17. september 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Selim I» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2022.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen inneheld tekst frå ein publikasjon som no er i offentleg eige: Chisholm, Hugh, red. (1911). «Selim». Encyclopædia Britannica (på engelsk) 24 (11. utg.). Cambridge University Press. s. 606–607.
- Holt, P. M. (1967). «Sultan Selim I and the Sudan». Journal of African History 8 (1): 19–23.
- Karagoz, Huseyn Mirza (2017). «Alevism in Turkey: Tensions and patterns of migration». I Issa, Tözün. Alevis in Europe: Voices of Migration, Culture and Identity. Routledge.
- Mikhail, Alan (2020). God's Shadow: Sultan Selim, His Ottoman Empire, and the Making of the Modern World. Liveright. ISBN 978-1-631-49239-6.
- Savory, Roger (2007). Iran Under the Safavids. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 978-0521042512.
- Winter, Michael. "The Conquest of Syria and Egypt by Sultan Selim I, According to Evliyâ Çelebi." in The Mamluk-Ottoman Transition: Continuity and Change in Egypt and Bilād Al-Shām in the Sixteenth Century' (2016): 127–46.
- Necipoğlu, Gülru (2005). The Age of Sinan: Architectural Culture in the Ottoman Empire. London: Reaktion Books. ISBN 978-1-86189-253-9.