Sag
Utsjånad


- Denne artikkelen handlar om verktøyet. Eit sagbruk vert òg ofte berre kalla ei sag.
Ei sag er ein reiskap for å skjere i tre eller andre material. Ho består av eit blad med ein kant med tenner, og drivkrafta er anten manuell eller med damp, vatn, elektrisitet eller drivstoff.
Ei sag har som regel eitt handtak, men kan òg ha eitt i kvar ende.
Nokre sager kan òg spelast på, og gjennom det frambringe musikk.
Ulike sagtypar
[endre | endre wikiteksten]Handsager
[endre | endre wikiteksten]- Stokksag – for å fella og kappa tømmer
- Tømmersvans – for å fella og kappa tømmer
- Bogesag – med ein boge som held bladet i spenn
- Motorsag – med ein motordriven kjede, òg kjend som kjedesag
- Tømmermannssag – nytta til tømring og snikkring
- Stikksag – manuell eller elektrisk
- Vippesag – kallast òg stikksag eller nikkesag
- Gjæresag – for å saga i vinkel
- Lauvsag – sag med svært tynt blad, vert til dømes brukt til å sage ut figurar
- Baufil – for å skjere i metall
- Holsag – for å saga hol
Faste sager
[endre | endre wikiteksten]- Oppgangssag – for å skjera tømmer
- Sirkelsag – med eit sirkelforma blad
- Rammesag – sag med fleire sagblad montert i ei ramme
- Bygningssag – transportabel sirkelsag
- Bandsag – med eit endelaust motordrive band
- Kappsag – sag (vanlegvis sirkelsag) som vert nytta for å kappa tømmer, ved, o.l.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]