Sørjo
Sørjo | |
Illustrasjon av Joseph Smit, i public domain | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Sørjo | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Jofamilien Stercorariidae |
Slekt: | Stercorarius |
Art: | Sørjo S. maccormicki |
Vitskapleg namn | |
Stercorarius maccormicki |
Sørjo (Stercorarius maccormicki) er ein sjøfugl i jofamilien. Han hekkar på fastlandet av Antarktis og på øyar utanfor. Sørjoen er ein langdistansetrekkfugl som trekker til nordlege Stillehavet, Nord-Atlanteren og nordlege Indiahavet, han har vore observert så langt nord som utanfor Grønland og Alaska.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Sørjoane er ein stor og kraftig bygd jo, har ei kroppslengd på 59 centimeter og kroppssvekt på 1275 til 1475 gram for hannar høvesvis hofuglar.[1] Fjørdrakta kan variere frå bleikbrun til mørkebrun, alle har iaugefallande kvite «blink» på over og undersida av vengen. Den mørke morfen er sjokoladebrun over det heile, med tydeleg gult område i nakken. Den mørke fasen kan ha lysare brunt på rygg, hale og venger og kan ha kvite flekker på nebbrota. Den lyse fasen er lys askegråbrun over heile hovudet og undersida, med gulleg nakke og brun overside. Vengene er breie. Det kraftige nebbet er nedbøygd i enden, men stuttare enn nebbet til sørhavsjo. Sørjoen er mindre enn sørhavsjo og marginalt større enn storjo.
Sørjoane hekkar sirkumpolart på Antarktis og nærliggjande øyar, særleg i området ved Rosshavet, og dei er tiltrekte av koloniar av andre sjøfuglar. Store hekkekoloniar av sørjoar finn ein mellom anna på Cape Adare, Cape Bird, Possession Islands og Cape Crozier.[1]
Trekkmønstret til sørjoane er lite kjente. I ein studie der forskarar nytta sporingsutstyr på 58 fuglar som hekka på King George Island, Sør-Shetlandsøyane, over tre sesongar, fann dei at eit fleirtal av fuglane trekte til Nord-Atlanteren, eit mindretal til nordlege Stillehavet og to individ heldt seg på den sørlege halvkula.[2]
Når sørjoane lever til havs beitar dei på fiskestimar, utanfor Japan lever dei mykje som kleptoparasittar på lirer.[1] I hekkesesongen er hovudføda fisk som Pleuragramma antarcticum (antarktissølvfisk), fugleegg og fugleungar av pingvinar og petrellar, og dei kan ete på åtsel og menneskeleg avfall om dei finn det.
Dei er sterkt aggressive mot inntrengjarar under hekkinga. Reira er ei forsenking i bakken der hoa legg 2 egg. Klekkinga skjer etter ca. 30 dagar og ungane får mat av foreldra til dei kan flyge etter ca. 7-8 veker og vidare i fleire veker etter det igjen. Dei er 6-9 år når dei blir hekkefuglar, hofuglar yngst, og sørjoar kan ha forventa levealder på så mykje som 35 år.
Arten er ikkje trua, og bestanden er estimert til ca. 10 000-20 000 individ (1983), og er trudd å vere stabil.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- BirdLife International (2013) Species factsheet: Stercorarius maccormicki Arkivert 2014-11-03 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 6. januar 2013.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «South polar skua — Australian Antarctic Division». Henta 6. januar 2013.
- «Polar skuas migration and winter quarters revealed». Wildlife Extra News. Henta 6. januar 2013.