Sèvres
Utsjånad
Sèvres er ein bykommune i departementet Hauts-de-Seine i regionen Île-de-France i det nordlege Frankrike. Kommunen med i kring 23 000 ibuarar på eit landareal på einast 3,91 km², ligg om lag 10 kilometer sørvest for sentrum av Paris og er ein forstad til den franske hovudstaden.
Staden er kjend for sitt porselen, som har vore produsert her sidan 1738. Det internasjonale byrået for mål og vekt har sitt kontor i Sèvres.
Fredsavtalen etter fyrste verdskrigen mellom Det osmanske riket og Alliansemaktene, freden i Sèvres, vart underskriven her den 10. august 1920.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sèvres» frå Wikipedia på svensk, den 20. februar 2014.