Hopp til innhald

Retamim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Retamim
רְתָמִים
kibbutz
Land  Israel
Region Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Menashe
Koordinatar 31°3′13″N 34°41′24″E / 31.05361°N 34.69000°E / 31.05361; 34.69000
Folketal 214  (2006)
Grunnlagd 1983
 •  Grunnlagd av Demobiliserte IDF-soldatar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Retamim
31°03′13″N 34°41′24″E / 31.053611111111°N 34.69°E / 31.053611111111; 34.69
Kart som viser Retamim.
Kart som viser Retamim.
Kart som viser Retamim.

Retamim (hebraisk skrift רְתָמִים) er ein kibbutz sentralt i Negevørkenen sør i Israel. Han ligg tre kilometer nordvest for Revivim og høyrer til Ramat HaNegev regionale kommune.

Samfunnet vart grunnlagd av ei gruppe demobiliserte IDF-soldatar og nye immigrantar som starta å samle seg i kibbutzen Be'eri i 1978. Ei anna gruppe vart grunnlagd i Revivim tidleg i 1979. Dei to gruppene slo seg saman i 1979 og flytta til ein campibgplass ovanfor det som no er Park Golda etter Tlalim hadde flytta til sin permanente stad i desember 1979.

På grunn av mangel på støtte frå Kibbutzrørsla, vart ikkje kibbutzen utvida, og rørsla rørsla kasta ut medlemmane. Somme flytta då til Revivim, andre til andre kibbutzar, og resten til byar, fram til berre ein av dei opphavlege medlemmane var att.

I 1983 vart kibbutzen omsider grunnlagd på den noverande staden, med støtte frå Nahal-soldatar frå den hebraiske speidaren. I 1994 vart han slått saman med kibbutz Revivimen etter å ha slite med sosiale problem og medlemmar som flytta. Somme av husa vart omgjort til ein ferielandsby kalla Rotem BeMidbar, men denne vart nedlagd i 2000. Han er no eit absorpsjonssenter for immigrantar, hovudsakleg frå Etiopia.