Ashalim
Ashalim | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Ramat Negev | ||
Koordinatar | 30°57′44.99″N 34°42′5.4″E / 30.9624972°N 34.701500°E | ||
Folketal | 313 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 1979 | ||
Ashalim 30°57′45″N 34°42′05″E / 30.962497222222°N 34.7015°E | |||
Kart som viser Ashalim.
| |||
Wikimedia Commons: Ashalim |
Ashalim (hebraisk skrift אֲשָׁלִים) er ein liten fellesbusetnad sør i Israel. Han ligg i Negevørkenen, kring 35 km sør for Beer Sheva og på austsida av Nahal Besor, som er den største elva i Negev. Ashalim høyrer til Ramat Negev regionale kommune. I 2011 hadde han 313 innbyggjarar.[1]
Busetnaden har fått namn etter ein eldre landsby. Den opphavelege landsbyen Ashalim var ein av tre nahal-busetjingar grunnlagd mellom Mashabei Sadeh og Nitzana i 1956. Sjølve namnet tyder 'tamarisk', ein art av buskar og småtre.
Den nye Ashalim vart grunnlagd som ein moshav shitufi i 1979 etter at busetjarane der hadde flytta frå Bir Asluj Hill nær Golda Park (ved ein kunstig innsjø). I dag er Ashalim ein fellesbusetnad.
Ashalim er en av fleire utviklingsstader for solenergi i Israel. Ein 250 MW solcellepark i Ashalim vart starta opp i 2013.[2]
I 2003 vart Kfar Adiel, ein landsby for studentar ved Ben-Gurion universitet i Negev, grunnlagd nær Ashalim av Ayalim, med mål om å opprette bustader for studentar og små entreprenørar i Negev og Galilea.[3]
I nærleiken ligg mellom anna Ezuz og Nitzana.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ashalim» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014.
- ↑ The Solar Vote, Yosef I. Abramowitz and David Lehreer, Haaretz, November 2, 2008.
- ↑ Kfar Adiel
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ashalim Arkivert 2007-10-25 ved Wayback Machine. Negev Information Sentral