Ramble On
Ramble On Song av Led Zeppelin frå albumet Led Zeppelin II | ||
Utgjeve | 22. oktober 1969 | |
Innspelt | 1969, Juggy Sound Studio, New York | |
Sjanger | Folkrock, hardrock | |
Lengd | 4:23 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | Jimmy Page | |
Tekstforfattar | Jimmy Page | |
Låtskrivar(ar) | Page/Plant | |
---|---|---|
Produsent | Jimmy Page |
«Ramble On» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Led Zeppelin II i 1969. Han vart skriven av Jimmy Page og Robert Plant, og spelt inn i 1969 i Juggy Sound Studio i New York under den andre turneen deira i USA. I 2004 vart songen rangert på 433. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.
Påverknader
[endre | endre wikiteksten]Teksten til songen er kraftig påverka av Ringenes herre av J.R.R. Tolkien.[1] Opningslinja («Leaves are falling all around») er truleg ei omskriving av opningslinja i Tolkien-diktet «Namárië». Diktet kan òg ha vore inspirasjon for heile det første verset.
Fleire Tolkien-referansar kjem seinare i songen som Mordor, og kanskje Arwen (dotter til Elrond):
« |
Mine's a tale that can't be told, |
» |
Andre songar av Led Zeppelin som referer til Tolkien er mellom andre «Misty Mountain Hop», «The Battle of Evermore» og «Stairway to Heaven».
Komposisjon
[endre | endre wikiteksten]Den skramlande gitarintroduksjonen nyttar ein av dei klassiske teknikkane til Jimmy Page, med vanlege opne akkord lagt høgare oppå grepbreidda.
Det har vore mykje omdiskutert kva Bonham spelar på i bakgrunnen gjennom heile songen. Enkelte meiner det har vore bongotrommer, andre botn av ei plastbøtte eller trommestikkene på eit skinnsete, og til meg solen på skoa han brukte under innspelinga. Boka John Bonahm: A Thunder Of Trommer skriv derimot at han brukte hendene på ein gitarkasse.[2]
Songen syner kor tett samspelet mellom bassist John Paul Jones og trommeslagar John Bonham.
Konsertversjonar
[endre | endre wikiteksten]Fram til 2007 hadde aldri «Ramble On» vorte spelt i sin heilskap av Led Zeppelin på konsertane deira.[1] Delar av songen vart spela i midten av «Babe I'm Gonna Leave You» på ein konsert i Toronto den 2. november 1969, som ein kan høyre på piratkopiplata Listen to my Bluebird. Den fulle versjonen av songen vart spela på konsert for Ahmet Ertegün den 10. desember 2007.
I juni 2008 vart Jimmy Page og John Paul Jones med Foo Fighters på scenen på Wembley Stadium og spela «Ramble On» med Dave Grohl på vokal og Taylor Hawkins på trommer.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- 1992: Dread Zeppelin (It's Not Unusual)
- 1993: The Dusty Diamonds (The Song Retains the Same II)
- 1997: Jason Bonham Band (In the Name of My Father - The Zepset)
- 1999: Great White (Great Zeppelin: A Tribute to Led Zeppelin)
- 1999: Magnificent Tracers (Stock Car Smashes)
- 2000: Lisa Tingle (Live at the Lucky Lounge)
- 2000: Kenny Blackwell (Bluegrass Then & Now: 25th Anniversary)
- 2000: The Exboyfriends (Harmony Sweepstakes a Capella Festival: 2000 National Finals)
- 2000: various artists (Pickin' on Zeppelin: A Tribute)
- 2001: Mad Zeppelin (The Song Remains on Stage)
- 2002: The String Cheese Incident (On the Road [live 2002])
- 2002: Patricia Maertens (Livin, Lovin, Played: A Led Zeppelin Tribute)
- 2003: Letz Zep (Live on Broadway)
- 2004: Benjamin Levine (Chamber Maid: The Baroque Tribute to Led Zeppelin)
- 2005: Iron Horse (Whole Lotta Bluegrass: A Bluegrass Tribute to Led Zeppelin)
- 2005: Bustle In Your Hedgerow (Live at The Subterranean [31 July 2005])
- 2006: Kevin Martin (World's Greatest Metal Tribute to Led Zeppelin)
- 2006: Paul Hultman (Paul Hultman)
- 2007: Vanilla Fudge (Out Through the in Door)
- 2007: Frankie Banali & Friends (24/7/365: The Tribute to Led Zeppelin)
- 2007: Led Zepagain (Led Zepagain II: A Tribute to Led Zeppelin)
- 2008: Foo Fighters med Jimmy Page & John Paul Jones (Foo Fighters Live at Wembley Stadium DVD)
- 2008: Rick Derringer (Led Box: The Ultimate Led Zeppelin Tribute)
- 2008: Chris Poland (Misty Mountain Hop: A Millennium Tribute to Led Zeppelin)
Konsertversjonar
[endre | endre wikiteksten]- 1998: Phish (Alpine Valley, East Troy, Wisconsin)
- 2010: Phish (Boardwalk Hall, Atlantic City, NJ)
Samplingar
[endre | endre wikiteksten]- 1989: Donald D («A Letter I'll Never Send»)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ramble On» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9
- Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
- ↑ 1,0 1,1 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
- ↑ Ramble On sound question - Forum on Drummer World.com
441: «Mustang Sally» Wilson Pickett |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 440 «Ramble On» Led Zeppelin |
439: «Midnight Train to Georgia» Gladys Knight and the Pips |