Porvenir i Chile
Porvenir | |||
---|---|---|---|
Byen i oktober 2006. | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Provins Øy |
Chile Región de Magallanes y de Antártica Chilena Tierra del Fuego Storøya | ||
Grunnlagt | 1883 | ||
Alcalde | Fernando Callahan Giddings | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 6 982,6 km² | ||
Flatevidd - By |
6982,6 km² | ||
Innbyggjarar - By (2002) - folketettleik |
5465 0,78/km² | ||
Koordinatar | 53°17′S 70°22′W / 53.283°S 70.367°W | ||
Høgd over havet | 5 m | ||
Tidssone | -4 (UTC-4) | ||
Diverse anna | |||
Telefon-retningsnummer | +56 | ||
Heimeside: http://www.muniporvenir.cl/ | |||
Plassering | |||
Porvenir kommune i raudt innanfor regionen. |
Porvenir (spansk for «Framtid») er ein chilensk by på Storøya i Eldlandet. Porvenir er ein bykommune og provinshovudstad i den chilenske provinsen Eldlandet i Región de Magallanes y de Antártica Chilena. I 2002 registrerte ein 5465 innbyggjarar, noko som gjer Porvenir til den største chilenske byen på øygruppa.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagt i 1883 under gullrushet på Eldlandet. Mange gullgravarar kom då sørover frå Fastlands-Chile, og europearar på jakt etter lukka kom med skip over Atlanteren til «den nye verda». Dei fyrste busetjarane i Porvenir var kroatiske innvandrarar og folk frå Los Lagos-regionen, lenger nord i Chile. Enno finst det noko gull her som blir utvunne av bergverksselskap.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]I dag lever innbyggjarane mest av saueavl og fiske frå småbåtar. Større skip og trålarar kjem ikkje inn på hamna av di det ligg så mange skipsvrak i leia. Elles finst her eit moderne fengsel, og eit regiment av den chilenske hæren er stasjonert her. Porvenir har også eit slaktarhus som er aktivt i korte periodar kvart år. Porvenir er ingen stor turistby enno, men inneheld fleire hotell og restaurantar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Porvenir, Chile» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2012.