Piatra Neamț
Piatra Neamț | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Neamț | ||
Borgarmeister | Gheorghe Ștefan | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
77,4 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik |
79 679 1 029,4 /km² | ||
Koordinatar | 46°55′39″N 26°22′15″E / 46.92750°N 26.37083°E | ||
Høgd over havet | 310 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 610xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 33 | ||
Bilnummer | NT | ||
Nettstad: www.neamt.ro |
Piatra Neamț (/'pja.tra 'něamʦ/) er ein by aust i Romania med om lag 80 000 innbyggjarar. Han er hovudstad i Neamț fylke i den historiske regionen Moldavia. Byen ligg flott til i Aust-Karpatane og elva Bistrița.
Byen ligg 350 km nord for hovudstaden București.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området rundt Piatra Neamț er eit av dei eldste busette områda ein kjenner til i Romania. Dei eldste spora etter menneske går tilbake til tidleg steinalder, om lag 100 000 år sidan.
Utgravingar like utanfor byen har vist ruinar av ein stor dakisk by kalla Petrodava, nemnd av den greske geografen Klaudios Ptolemaios på 100-talet e.Kr. Sjølve Piatra Neamț vart første gong nemnd i skriftlege kjelder på 1400-talet som Piatra lui Craciun, eller Camena, som då var ein kjøpstad.
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Piatra Neamț er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:
Busetnad | Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Piatra Neamț | 82 375 | 77 650 |
Ciritei | 773 | 555 |
Doamna | 166 | 168 |
Văleni | 1 741 | 1 306 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Piatra Neamț» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2008.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.
- ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 15. april 2022.