Phi Phi-øyane
Phi Phi øyane (เกาะ พีพี) er nokre små øyar i Thailand, mellom den mykje større øya Phuket og fastlandet. Øyane høyrer til administrativt Krabi-provinsen. Ko Phi Phi Don ("ko" tyder "øy") er den største i øygruppa, og er den einaste som har fast folkesetnad. Den nest største øya, Ko Phi Phi Lee (eller "Ko Phi Phi Ley") har sandstrender som ofte har vore vitja av turistar. Øyane ligg i eit av dei best utvikla turistområda i Thailand for bading og dukking.
Ko Phi Phi Lee er den mest kjende av øyane. Øya vart kjend gjennom filmen The Beach (film) eller Stranda.
Den 26. desember 2004 vart øygruppa ramma av tsunamiar utløyst av ei rad undersjøiske jordskjelv langs ei line frå vest av Sumatra til Andamanøyane. (Sjå Flodbølgjene i Indiahavet jula 2004). Flodbølgjene gjorde at fleire hundre menneske vart drepne, og dei fleste husa på øyane vart øydelagde.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettstad med informasjon om Phi Phi øyane
- Phi Phi Arkivert 2019-09-14 ved Wayback Machine.