Peter Schmidt
Peter Schmidt | |||
Peter Schmidt på eit måleri av Knud Bergslien frå 1887 som tilhøyrer Eidsvoll 1814. | |||
Fødd | 12. juni 1782 Trondheim | ||
---|---|---|---|
Død | 5. mars 1845 (62 år) | ||
Statsborgar av | Norsk | ||
Parti | Unionspartiet | ||
Yrke | Kjøpmann | ||
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
Alle verv |
Peter Schmidt (12. juni 1782–5. mars 1845) var ein norsk kjøpmann og eidsvollsmann.
Schmidt var fødd i Trondheim, der far hans var kjøpmann. Han tok sjølv til som kjøpmann i fødebyen i 1803. 1833-42 var han børskommissær. Dessutan dreiv han frå 1840 som vrakar og vegar. Konstituert inspektør ved tukthuset i byen frå 1839.
I 1809 var Schmidt og faren med på ei dansk jakt som segla frå Jylland med kurs mot Noreg. Jakta vart kapra av ein engelsk fregatt og ført inn til Göteborg, der dei ei kort tid sat fanga i eit prisonskip.
Schmidt vart vald til 2. utsending frå Trondheim by til riksforsamlinga på Eidsvoll våren 1814. Truleg røysta han med unionspartiet i dei avgjerande spørsmåla.
Han døydde i heimbyen Trondheim. Olaus Michael Schmidt var ein yngre bror.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografi på Eidsvoll 1814
- Biografisk informasjon om Peter Schmidt NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv