Medlemmer av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Dette er ei oversikt over medlemmer av Riksforsamlinga på Eidsvoll, det vil seie dei 112 eidsvollmennene og kor dei var utsende frå til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.
Av dei 112 medlemmene av riksforsamlinga vart 33 peika ut blant dei militære. Dei andre vart peika ut som representantar for landdistrikt og byar. Embetsmennene dominerte forsamlinga med meir enn halvparten av medlemmene. Men ingen av dei var mellom dei mest framståande embetsmennene i Noreg. Over halvparten var juristar og det var femten teologar (prestar), 44 av dei 112 hadde utdanning frå Universitetet i København.[3] Ei handfull av medlemmene var store bruks- og godseigarar og 13 var kjøpmenn. Kristian Fredriks valreglar hadde gjort at gardbrukarane blei godt representert, i alt blei nærare ein tredel av forsamlinga gardbrukarar.
Forsamlinga bestod av utpeikte representantar frå heile Noreg med unntak av Nord-Noreg.[4]
Fleire av Eidsvollsmennene var unge. Gjennomsnittsalderen for riksforsamlinga var 42,8 år.[5]
Representantar på Eidsvoll 17. mai 1814
[endre | endre wikiteksten]Tabellen viser alle eidsvollmenn med yrke (stilling), alder og «parti». Valentin Sibbern er ført opp to gonger: Han blei vald som representant både for Smålenenes amt og Akershus ridende Jegerkorps, men tok plass som representant for si militære eining på Eidsvoll.[6] Peter Motzfeldt blei vald til ein av Bergen by sine representantar, men vart samstundes vald av artillerikorpset og inntredde etter råd frå Kristian Fredrik som representant for korpset.[7]
Valkrins | Namn | Alder | Yrke | «Parti» |
---|---|---|---|---|
Agershuus Amt | Peder Anker | 65 | kammerherre | unionspartiet |
Agershuus Amt | Christian Magnus Falsen | 32 | sorenskrivar | sjølvstendepartiet |
Agershuus Amt | Christian Christensen Kollerud | 47 | gardbrukar | ? |
Aggershusiske Ridende Jægerkorps | Valentin Sibbern | 35 | major | unionspartiet |
Aggershuske Skarpskytter Regiment | Frederik Wilhelm Stabell | 51 | oberstløytnant | ? |
Aggershuske Skarpskytter Regiment | Zacharias Melleby | 33 | kommandersersjant | sjølvstendepartiet ? |
Arendals Deputation | Alexander Christian Møller | 52 | distriktslege | ? |
Artillerie-Corpset | Peter Motzfeldt | 47 | kaptein | sjølvstendepartiet |
Artillerie-Corpset | Hans Haslum | 25 | sersjant | sjølvstendepartiet |
Bergen Byes Deputerede | Wilhelm Frimann Koren Christie | 36 | sorenskrivar | sjølvstendepartiet |
Bergen Byes Deputerede | Frederik Meltzer | 35 | grosserar | sjølvstendepartiet |
Bergen Byes Deputerede | Jens Rolfsen | 49 | grosserar | sjølvstendepartiet |
Bergen Byes Deputerede | Jonas Rein | 54 | residerande kapellan | sjølvstendepartiet |
Søndre Bergenhuus Amt | Arnoldus von Westen Sylow Koren | 50 | sorenskrivar | sjølvstendepartiet |
Søndre Bergenhuus Amt | Georg Burchard Jersin | 47 | sokneprest | sjølvstendepartiet |
Søndre Bergenhuus Amt | Brynjel Andersen Gjerager | 53 | gardbrukar | sjølvstendepartiet |
Nordre Bergenhuus Amt | Lars Johannes Irgens | 39 | kanselliråd og sorenskrivar | sjølvstendepartiet |
Nordre Bergenhuus Amt | Nicolai Nielsen | 37 | sokneprest | sjølvstendepartiet |
Nordre Bergenhuus Amt | Peder Pedersson Hjermann | 60 | gardbrukar | sjølvstendepartiet |
Bergenhusiske Regiment | Ole Elias Holck | 40 | kaptein | ? |
Bergenhusiske Regiment | Niels Johannesen Loftesnæs | 25 | musketer | sjølvstendepartiet |
Buskeruds Amt | Frederik Schmidt | 43 | prost | sjølvstendepartiet |
Buskeruds Amt | Johan Collett | 39 | fut | sjølvstendepartiet |
Buskeruds Amt | Christopher Borgersen Hoen | 47 | gardbrukar | ? |
Bratsberg Amt | Severin Løvenskiold | 37 | kammerherre, amtmann | unionspartiet |
Bratsberg Amt | Peder Jørgen Cloumann | 67 | justisråd | unionspartiet |
Bratsberg Amt | Talleiv Olavsson Huvestad | 53 | gardbrukar | unionspartiet |
Christiania | Georg Sverdrup | 44 | professor | sjølvstendepartiet |
Christiania | Christopher Frimann Omsen | 53 | tollprokurator | unionspartiet |
Christianssand | Nicolai Wergeland | 34 | residerande kapellan | unionspartiet |
Christianssand | Ole Clausen Mørch | 40 | grosserar | unionspartiet |
Christians Amt | Laurits Weidemann | 39 | sorenskrivar | sjølvstendepartiet |
Christians Amt | Hans Jacob Stabel | 45 | sokneprest | sjølvstendepartiet |
Christians Amt | Anders Lysgaard | 58 | gardbrukar | sjølvstendepartiet |
Christiansund | John Moses | 33 | kjøpmann | unionspartiet |
Dramen | Nikolai Scheitlie | 61 | forvaltar | sjølvstendepartiet |
Friderichshald | Carl Adolph Dahl | 45 | kanselliråd, byfogd, sorenskrivar | ? |
Friedrichsstad | Andreas Michael Heiberg | 46 | kanselliråd, byfogd | sjølvstendepartiet |
Hedemarkens Amt | Claus Bendeke | 51 | amtmann | sjølvstendepartiet |
Hedemarkens Amt | Andreas Aagaard Kiønig | 43 | sorenskrivar | sjølvstendepartiet |
Hedemarkens Amt | Ole Olsen Evenstad | 48 | lensmann | sjølvstendepartiet |
Holmestrand | Hans Hein Nysom | 47 | sokneprest | sjølvstendepartiet |
Jarlsberg Grevskab | Herman Wedel-Jarlsberg | 35 | greve | unionspartiet |
Jarlsberg Grevskab | Gustav Peter Blom | 29 | sorenskrivar | unionspartiet |
Jarlsberg Grevskab | Ole Rasmussen Apeness | 49 | gardbrukar | unionspartiet |
Ingenieur Brigaden | Henrik Frederik Arild Sibbern | 29 | kaptein | sjølvstendepartiet |
Kongsberg | Poul Steenstrup | 42 | bergmeister og direktør for Kongsberg Sølvverk | sjølvstendepartiet |
Kragerøe | Christian Hersleb Horneman | 32 | byfogd | sjølvstendepartiet |
Laurvig | Christian Adolph Diriks | 39 | justisråd og sorenskrivar | sjølvstendepatiet |
Laurvigs Grevskab | Iver Hesselberg | 52 | proprietær | sjølvstendepartiet ? |
Laurvigs Grevskab | Anders Hansen Grønneberg | 35 | skipskaptein | sjølvstendepartiet ? |
Laurvigs Grevskab | Ole Olsen Amundrød | 43 | gardbrukar | sjølvstendepartiet |
Lister Amt | Gabriel Lund | 39 | kjøpmann | sjølvstendepartiet |
Lister Amt | Jens Erichstrup | 39 | fut | unionspartiet |
Lister Amt | Theis Jacob Thorkildsen Lundegaard | 40 | gardbrukar | sjølvstendepartiet |
Mandals Amt | Osmund Andersson Lømsland | 49 | gardbrukar | unionspartiet |
Mandals Amt | Erich Haagensen Jaabech | 55 | gardbrukar | unionspartiet |
Mandals Amt | Syvert Omundsson Eeg | 57 | gardbrukar | unionspartiet |
Molde | Frederik Motzfeldt | 35 | byfogd | sjølvstendepartiet |
Moss | Gregers Winther Wulfsberg | 34 | byfogd | |
Nedenæs Amt | Jacob Aall | 41 | jarnverkseigar | unionspartiet |
Nedenæs Amt | Hans Jacob Grøgaard | 50 | sokneprest | unionspartiet |
Nedenæs Amt | Thor Reiersen Lilleholt | 34 | lensmann | unionspartiet |
Nordenfjelske Infanteri Regiment | Peter Blankenborg Prydz | 38 | kaptein | sjølvstendepartiet |
Nordenfjelske Infanteri Regiment | Helge Ellingsen Waagaard | 33 | musketer | |
Norske Jæger Corps | Palle Rømer Fleischer | 33 | kaptein | unionspartiet |
Norske Jæger Corps | Niels Fredriksen Dyhren | 36 | korporal | sjølvstendepartiet |
Oplandske Infanterie Regement | Diderich Hegermann | 51 | oberst | sjølvstendepartiet |
Oplandske Infanterie Regement | Pål Torsson Harildstad | 50 | kommandersersjant | sjølvstendepartiet |
Porsgrund | Jørgen Aall | 43 | grosserar | sjølvstendepartiet |
Raabøigelaugets Amt | Thomas Bryn | 32 | sorenskrivar | unionspartiet |
Raabøigelaugets Amt | Even Torkildsen Lande | 56 | gardbrukar | unionspartiet |
Raabøigelaugets Amt | Olav Knutsson Tveiten | 56 | lensmann | sjølvstendepartiet |
Romsdals Amt | Hilmar Meincke Krohg | 38 | amtmann | sjølvstendepartiet |
Romsdals Amt | Jens Stub | 50 | prost | unionspartiet |
Romsdals Amt | Elling Olsson Walbøe | 51 | gardbrukar | unionspartiet |
Røraas Bergkorps | Richard Floer | 47 | kaptein | |
Smaalehnenes Amt | Valentin Sibbern | 35 | major | |
Smaalehnenes Amt | Peter Ulrik Magnus Hount | 45 | prost | sjølvstendepartiet |
Smaalehnenes Amt | John Hansen Sørbrøden | 39 | gardbrukar | sjølvstendepartiet |
Schien | Didrich von Cappelen | 53 | grosserar | unionspartiet |
Stavanger Bye | Peder Valentin Rosenkilde | 42 | kjøpmann | sjølvstendepartiet |
Stavanger Amt | Lars Andreas Oftedahl | 33 | sokneprest | unionspartiet |
Stavanger Amt | Christen Mølbach | 48 | kjøpmann | unionspartiet |
Stavanger Amt | Asgaut Olsen Regelstad | 53 | gardbrukar | sjølvstendepartiet |
Søe-Deffensionen | Jens Schow Fabricius | 58 | kommandør | sjølvstendepartiet |
Søe-Deffensionen | Thomas Konow | 17 | løytnant | sjølvstendepartiet |
Søe-Deffensionen | Peder Johnsen | 31 | underoffiser | sjølvstendepartiet |
Søe-Deffensionen | Even Thorsen | 36 | matros | sjølvstendepartiet |
Søndenfieldske Infanterie-Regiment | Daniel Frederik Petersen | 57 | oberst | sjølvstendepartiet |
Søndenfieldske Infanterie-Regiment | Ole Svendsen Iglerød | 30 | musketer | sjølvstendepartiet |
Søndenfieldske Dragon-Regiment | Eilert Waldemar Preben Ramm | 45 | rittmeister | sjølvstendepartiet |
Søndenfieldske Dragon-Regiment | Peder Paulsen Balke | 35 | korporal | sjølvstendepartiet |
Tellemarkske Infanterie Regiment | Enevold Høyum | 39 | kaptein | sjølvstendepartiet |
Tellemarkske Infanterie Regiment | Gullik Madssen Rød | 28 | kommandersersjant | sjølvstendepartiet |
Trondhjems Bye | Andreas Rogert | 60 | etatsråd | sjølvstendepartiet |
Trondhjems Bye | Peter Schmidt | 32 | grosserar | unionspartiet |
Søndre Trondhjems Amt | Jacob Hersleb Darre | 57 | sokneprest | |
Søndre Trondhjems Amt | Anders Rambech | 47 | sorenskrivar | sjølvstendepartiet |
Søndre Trondhjems Amt | Lars Larsen Forsæth | 55 | klokkar | sjølvstendepartiet |
Nordre Trondhiems Amt | Hans Christian Ulrik Midelfart | 44 | prost | sjølvstendepartiet |
Nordre Trondhiems Amt | Hieronymus Heyerdahl | 41 | sokneprest | sjølvstendepartiet |
Nordre Trondhiems Amt | Sivert Pålsson Bratberg | 34 | gardbrukar | ? |
Første Trondh. Inf. Regiment | Georg Ulrich Wasmuth | 26 | kaptein | sjølvstendepartiet |
Første Trondh. Inf. Regiment | Daniel Larsen Schevig | 28 | sersjant | sjølvstendepartiet |
Annet Trondhjemske regiment | Jacob Erik Lange | 47 | kaptein | |
Annet Trondhjemske regiment | Helmer Andersen Gjedeboe | 28 | sersjant | sjølvstendepartiet ? |
Trondhiemske Dragon Corps | Frederik Hartvig Johan Heidmann | 37 | premierløyntnant | sjølvstendepartiet |
Trondhiemske Dragon Corps | Petter Johnsen Ertzgaard | 30 | kvartermeister | unionspartiet |
Tønsberg | Carl Stoltenberg | 44 | grosserar | sjølvstendepartiet |
Westerlenske Inf. Regiment | Just Henrik Ely | 55 | major | |
Westerlenske Inf. Regiment | Omund Bjørnsson Birkeland | 28 | underjeger | unionspartiet |
Øster Risøer | Henrik Carstensen | 61 | kjøpmann, jarnverkeigar | unionspartiet |
Nordnorske representantar
[endre | endre wikiteksten]Det var ingen representantar frå dei nordnorske fylka (amta) til stades på Eidsvoll. Dette kom mellom anna av at kommunikasjonane var dårleg utbygd og reise- og post-tidene lange. Det er ikkje desto mindre også påvist at biskop Mathias Bonsach Krogh, som hadde fått ansvar for å setje i gang valprosessen av Kristian Fredrik, ikkje forhasta seg i dette arbeidet, men tvert imot skreiv til prinsregenten at val «ei nu kan skee i Nordlandene og Finmarken».[9]
Forseinkinga gjorde at amtmannen i Finmarken (no Troms og Finnmark) fekk meldinga om at det skulle haldast riksforsamling først fire dagar etter at denne var tredd saman. Vidare brev til sokna i landsdelen gjekk ut 14. mai med ordre om at det skulle veljast representantar til eit møte i Tromsø 24. juli–1. august for å velje eidsvollmenn frå amtet.
16. juli fekk amtmann Johan Caspar Krogh melding sørfrå om at Grunnlova var vedteke og at Kristian Fredrik var konge. Dette var alt for seint til å avlyse møtet. Krogh avgjorde å halde val likevel 1. august, men da til det første ordinære Storting, som var planlagt våren 1815. Dette var det aller første stortingsvalet i Noreg.[10]
Konflikta med Sverige leia til at heller ikkje dette valet fekk noka praktisk tyding. Etter Mossekonvensjonen av 14. august blei eit omframt Storting kalla inn til 7. oktober. Til Tromsø kom innkallinga ikkje før 20. oktober. Ein av de valde, gardbrukaren og tømraren Henrik Larsen Skjæret frå Balsfjord, drog straks av garde. Han kom så langt som til Bodø, men derfrå vendte han heim da han fekk vite at Stortinget alt hadde avslutta forhandlingane.
Dei tre som vart valde frå Finmarken var pastor Niels Drejer frå Hammerfest, handelsmann og distriktssjef i Kystvernet Lorenz Peter Jessen frå Klauva i Senja, og gardbrukaren Henrik Larsen Skjæret frå Balsfjord.[11] Sjølv om amtmannen hadde avgjort at desse tre skulle møte på det første ordinære Storting i 1815, vart dei aldri stortingsmenn. Det blei halde nye val neste år til dette Stortinget, og andre menn blei valde frå Finmarkens Amt: Johannes Henriksen Aas, Nils Normann og Wilhelm Henrik Klerck.
Situasjonen var noko annerleis i Nordland. Hit kom meldinga om at riksforsamlinga på Eidsvoll var avslutta såpass tidleg at amtmannen fann det nyttelaust å kalle inn til valmøte. Nordland var dermed det einaste amtet som ikkje valde utsendingar til grunnlovsforsamlinga.[12]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ akershus.kulturnett.no om Oscar (Arnold) Wergeland
- ↑ Eidsvollsmennenes plassering i salen frå Eidsvoll 1814
- ↑ Klassekampen 4. juni 2013.
- ↑ «Nord-Norge i 1814 - avskåret fra Eidsvoll». Arkivverket. Henta 28. juni 2015.
- ↑ Grunnloven 1814 Arkivert 2012-02-14 ved Wayback Machine. frå Maihaugen
- ↑ Tallak Lindstøl, side 1 og 9
- ↑ Tallak Lindstøl, side 2 og 3
- ↑ Hanne Vandraas (2014). «Nordland - amtet som aldri holdt valg». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter. Eidsvollsmennene og deres hus. Oslo: Cappelen Damm. s. 480. ISBN 978-82-02-44564-5.
- ↑ Sitat frå biskopen sitt brev av 8. mars, sitert hos Kåre Hansen: «Derfor møtte ingen nordlendinger» , Aftenposten 22. april 2014; vitja 29. juni 2015.
- ↑ Sigrun Høgetveit Berg. «Innhaldsrikt Ottar med ny grunnlovsforsking». UiT Noregs arktiske universitet. Henta 29. juni 2015.
- ↑ Kjelde for det meste av stoffet om dei nordnorske representantane er Bente Engelsen: «På tide å skrive om historien», Nordlys 12. mai 2012 og «Nord-Norge i 1814 - avskåret fra Eidsvoll» Arkivert 2015-09-05 ved Wayback Machine. frå Arkivverket
- ↑ Opplysning på eidsvollsmenn.no; vitja 28. juni 2015.
- PolSys - Data om det politiske system Arkivert 2012-06-09 ved Wayback Machine.
- Korte omtalar av alle Eidsvollmenn på Eidsvoll 1814
- Denne artikkelen bygger på «Liste over medlemmer av Den Grunnlovgivende Forsamling» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2012, revisjon 10314638
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Tallak Lindstøl (1857-1925) (1914). «Riksforsamlingen paa Eidsvold 1814». Stortinget og statsraadet : 1814-1914. D. 1 : De enkelte storting og statsraader 1814-1885. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Wikikilden:Grunnloven på Wikikilden (frie originaltekstar) |