Hopp til innhald

Palmyra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Palmyra
ܬܕܡܘܪܬܐ (arameisk), تدمر (arabisk), Tadmur
busetnad
Palmyra og Bel-tempelet
Land  Syria
Stad Tadmur i Den syriske ørkenen
 - koordinatar 34°33′36″N 38°16′2″E / 34.56000°N 38.26722°E / 34.56000; 38.26722
Areal 0,5 km²
Grunnlagd 1000-talet fvt.
 •  Fråflytta 1929
Kart
Palmyra
34°33′01″N 38°16′11″E / 34.550381°N 38.269791°E / 34.550381; 38.269791
Kart som viser Palmyra.
Kart som viser Palmyra.
Kart som viser Palmyra.
Wikimedia Commons: Palmyra

Palmyra (arabisk تدمر, Tadmur; arameisk ܬܕܡܘܪܬܐ, hebraisk תַּדְמוֹר, Tadmor, Taḏmôr, gammalgresk Παλμύρα) er ein arabisk ruinby sentralt i Syria. Han var ein viktig by i antikken og låg i ein oase 215 km nordaust for Damaskus[1] og 180 km sørvest for Eufrat ved Deir ez-Zor. Han var lenge ein viktig stoppestad for karavaner som skulle krysse Den syriske ørkenen og var kjend som Ørkenbrura. Dei tidlegare dokumenterte kjeldene omtalar byen med det semittiske namnet Tadmor, Tadmur eller Tudmur (som tyder «byen som fråstøyter» på amorittisk og «den ustyrlege byen» på arameisk)[2]babylonske tavler funne i Mari.[3]

Sjølv om byen vart fråflytta etter 1500-talet, vert han framleis kalla Tadmor på arabisk.[4][5] Det ligg ein nyare by med same namn like ved ruinane.[6] Innbyggjarane bygde ei rekkje store monument med gravkunst som kalksteinsheller med byster av dei avlidne.

Staden vart oppført på lista til UNESCO over verdsarva i 1980.


Tidleg morgon i Palmyra
Panorama av Palmyra
Bel-tempelet
Teateret
Vêrdata for Palmyra
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 12,1 14,7 19,4 25,2 30,7 35,4 38,1 37,9 34,4 28,3 19,9 13,5 25,8
Gjennomsnittleg min °C 2,5 3,8 6,9 11,5 15,9 19,8 21,5 21,6 19,1 14,3 7,7 3,5 12,3
Gjennomsnittleg nedbør mm 20,8 18,4 21,2 18,3 8,2 0,4 0 0 0,3 8,8 16,1 20,2 132,7
Gns. dagar med regn 7 10 6 4 2 0 0 0 0 3 5 7 44
Kjelde: World Meteorological Organization


Gamle bogar ved Palmyra
  1. Syria uncovers 'largest church' BBC News Online, 14. november 2008. Henta 29. mars 2014.
  2. Palmyra (Syria) - Britannica Online Encyclopedia Henta 29. mars 2014.
  3. Syria Gate - About Syria - Palmyra Arkivert 2010-12-24 ved Wayback Machine. Henta 29. mars 2014.
  4. «Tadmor: Syria». Geographical Names. Henta 29. mars 2014. 
  5. «Tedmor: Syria (ancient site)». Geographical Names. Henta 29. mars 2014. 
  6. «Tedmor: Syria (populated place)». Geographical Names. Henta 29. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Palmyra