Organisasjonsteori
Organisasjonsteori er læra om korleis organisasjonar er bygde opp og korleis dei fungerer. Organisasjonsteori har utvikla seg til eit sjølvstendig fagområde etter 1945, men har røter attende til Frederick W. Taylor, Max Weber og Henri Fayol i perioden omkring første verdskrigen.
Ein organisasjon er eit sosialt system som er bevisst konstruert for å nå bestemte mål. Fellestrekk ved alle organisasjonar er at dei skal realisere bestemte mål, men korleis dei skal nå desse måla er avhengig av kva oppgåve dei har. Faget omfattar særleg studiar av dei indre tilhøva i offentlege og private organisasjonar, samt relasjonane til omverda. Analyser av struktur, kultur og prosessar inngår i dette.
Struktur omhandlar korleis organisasjonen er oppbygd, både når det gjeld organisering av produksjonen i vid forstand, og oppbygging av leiingssystem, til dømes styring, koordinering og maktforhold.
Kulturanalyser legg vekt på dei uformelle normene, verdiane og tradisjonane som dannar seg i organisasjonen, og som kan utgjere grunnlaget for ei «korpsand» («esprit de corps»).
Prosessundersøkingar legg vekt på å analysere rørsler eller endringar i organisasjonen, til dømes i samband med motivasjon, kommunikasjon, avgjerder og konfliktar.
Dei tre områda blir gjerne knytte saman i analysar av kva som kan hemme eller fremje produktivitet og effektivitet og andre viktige organisasjonsmål, til dømes innovasjonsevne, kompetanseutvikling og trygging av marknadsdelar. Organisasjonsteori brukt på private bedrifter blir av slike grunner ofte oppfatta som eit bedriftsøkonomisk fag, sjølv om organisasjonsteorien ikkje nyttar formelle bedriftsøkonomiske analysemetodar.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Litteratur på norsk
- Christensen, T., P.Lægreid, P.G.Roness og K.A.Røvik (2004): Organisasjonsteori for offentlig sektor. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 82-15-00404-0.
- Døving, E. og Johnsen, Å. (red.) (2005): Organisasjonsteori på norsk. Bergen: Fagbokforlaget. ISBN 82-450-0381-6
- Jacobsen, D.I. og J. Thorsvik (2007): Hvordan organisasjoner fungerer. Innføring i organisasjon og ledelse. 3.utgåve. Bergen: Fagbokforlaget. ISBN 978-82-450-0517-2.
- Jacobsen, D.I. (2004): Organisasjonsendringer og endringsledelse. Bergen: Fagbokforlaget, 2004. ISBN 82-450-0179-1.
- Greve, A. (1995): Organisasjonsteori: nyere perspektiver. Oslo: Universitetsforlag. ISBN 82-00-22655-7.
- Nordhaug, O. (2002): LMR. Ledelse av menneskelige ressurser. Målrettet personal- og kompetanseledelse. Universitetsforlaget. ISBN 978-82-15-00235-4.
- Nordhaug, O. (red.) (2004): Strategisk kompetanseledelse: teori og praksis. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 82-15-00487-3.
- Nordhaug, O., H.-I. Kristiansen m.fl. (2007): Retorikk, organisasjon og ledelse. Oslo: Forlag1. ISBN 82-92735-07-0.
- Litteratur på engelsk
- Greve H.R. (2003): Organizational Learning from Performance Feedback: A Behavioral Perspective on Innovation and Change. Cambridge University Press. ISBN 0-521-81831-1.
- Nordhaug, O. (1993): Human capital in organizations. Oslo : Scandinavian University Press og New York : Oxford University Press. ISBN 82-00-21807-4.