Informatikk
Utsjånad
Informatikk er læra om system for innsamling, strukturering, registrering, behandling, lagring og attfinning av informasjon.
Informatikk er ein vitskap med fleire ulike retningar som:
- Utvikling av teknologi gjennom programmering og utforming
- Matematisk forståing av programmerbare fenomen
- Forståing av korleis datamaskiner og programvare påverkar menneske
Informatikk er altså dels ein teknologisk disiplin, men har også element av matematisk og sosial analyse. Informatikk kan vidare delast inn i spesielle greiner som er sterkt knytt til andre fagfelt som bioinformatikk og medisinsk informatikk
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- What is Informatics? Arkivert 2005-02-05 ved Wayback Machine. ved Indiana University
- What Does Informatics Mean? Arkivert 2013-01-16 ved Wayback Machine. ved University of Edinburgh