Hopp til innhald

Nettlesaren Opera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nettlesaren Opera

UtviklarOpera Software
Utgjeve10. april 1995
Nyaste versjon115.0.5322.58 (15. november 2024)[1]
PlattformAndroid
OperativsystemMicrosoft Windows, macOS, Linux, iOS, Android, Google Chrome OS
Skriven iC++
OS-familieWebKit, V8, Presto
Typenettlesar
Nettstadhttps://www.opera.com/

Opera er ein nettlesar som vert utvikla av det norske selskapet Opera Software ASA. Selskapet tek sikte på -og gjennomførar- full kompatibilitet med dei fleste nemneverdige system og platformar, og dei seinare åra har dei i følgje delar av media vunne eit teknisk føresprang i kampen om nettlesarmarknaden for handheldte datamaskiner (til dømes Palm).

Til Mac OS X/PC kjem nettlesaren på eit utal språk (men ikkje lenger nynorsk[2]).

Opera var tidlegare reklamefinansiert, men frå september 2005 har Opera vore gratis (utan reklame). Kundar som ønskjer støtte kan kjøpe det frå selskapet.

Opera har òg, i tillegg til å vere ein nettlesar:

  • Epost- og Nyhendelesaren M2 (han les òg Atom og RSS)
  • Adressebok
  • IRC-klient (prateprogram)
  • Nedlastingshandsamar

Kort historie

[endre | endre wikiteksten]

Opera starta som eit utviklingsprosjekt i Telenor i 1992, med Jon S. von Tetzchner (Noverande sjef i Opera Software ASA) og Geir Ivarsøy. Sidan Telenor ikkje såg seg tent med å utvikle ein eigen nettlesar vart Opera Software tufta i 1995 for å vidareutvikle programvaren.

Selskapet dreiv på lenge i det små, men sidan 1999/2000 har selskapet satsa for fullt med utviding av staben, hard konkurranse på handheldt-marknaden og opne konfrontasjonar med Microsoft, som hittil har dominerer nettlesarmarknaden for PC.

Marknadsandel

[endre | endre wikiteksten]

I fylje[3] har Opera har ein marknadsandel på rundt 2 % på verdsbasis, men på grunn av at eldre versjonar av Opera var innstillte til å identifisera seg som MS Internet Explorer er dette talet truleg for lågt. Grunnen til dette er at Microsoft aktivt har motarbeidd Opera ved å blokkera tilgang til mellom anna nettstaden MSN for andre nettlesarar enn sin eigen[4]. Ved å identifisera seg som MS IE kan andre nettlesarar omgå denne sperringa. Problemet med dette er at i oversyn over kva for nettlesarar som er mest populære ser ut som MS Explorer er meir populær enn han i røynda er. Operabrukarar kan endra innstillingae slik at nettlesaren identifiserer seg som Opera i menyen Verktøy | Snøgginstillingar. Nyare versjonar av Opera er innstilte til å identifisera seg som Opera[5].

  1. «Opera 115.0.5322.58 beta update»; kortnamn på forfattar: Opera Team; utgjevingstidspunkt: 15. november 2024; vitjingsdato: 22. november 2024.
  2. «Opera kjem ikkje lenger på nynorsk». 
  3. Browser Statistics, W3 Schools.
  4. Wilcox , J. og Junnarkar, S., Microsoft backpedals on MSN browser block, Cnet News, 25/10 2001.
  5. Dahl, A.K., Opera ikke lenger identifisert som IE, hardware.no.
Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.