Hopp til innhald

Nasjonsbygging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Deutschlands Zukunft». Austerriksk satireteiknig om tysk nasjonsbygging i 1870. Nasjonalstaten Tyskland oppstod i 1871.

Nasjonsbygging er arbeid for å styrkje nasjonalkjensle og samkjensle i ei gruppe folk ein ønskjer skal oppfatta seg som ein nasjon. Slikt arbeid kan særleg vera viktig i nye statar, men ein kan også driva nasjonsbygging blant ei gruppe folk utan ein eigen stat, eller i ein eldre stat, til dømes for å (gjen)skapa eit nasjonalt fellesskap eller få fram ein ny nasjonal identitet. Eit land, eller visse grupper i eit land, kan sjå på nasjonsbygging som viktig for å få fram eit eige nasjonalt medvit og gjennom dette eit sameint samfunn.[1]

Samfunnsvitaren Stein Rokkan oppfatta nasjonsbygging som ein prosess av kulturell grensedanning utad og kulturell standardisering innad, der ei utvikling av nasjonale institusjonar som vernepliktig forsvar, allment skolevesen og utbreing av kommunikasjonsmedium medførte eit nasjonalt medvit.[2]

Ulike former for nasjonsbygging

[endre | endre wikiteksten]
Mann frå «regnbogenasjonen» Sør-Afrika føre fotball-VM 2010.
Foto: Marcello Casal Jr/ABr

Nasjonsbygging kan ta ulike former. Ei form som var vanleg på 1800- og 1900-talet la sterk vekt på å danna nasjonalstatar der etnos og demos fall saman, som eit Tyskland for alle tysktalande. Ei anna legg vekt på felles territorium eller ideologi, til dømes i ei rekkje tidlegare koloniar frå 1900-talet av. Moderne nasjonsbygging går ofte ut på å prøva å organisera multikulturelle statar der menneske frå ulike grupper kan leva fredeleg saman, til dømes som då Sør-Afrika avslutta apartheidtida og gjekk inn for å byggja «regnbogenasjonen».[3]

Nasjonsbygging med utgangspunkt i nasjonalisme og nasjonalstaten som det ideelle samfunnet har tidvis gått ut på å prøva assimilera, fordriva eller tilmed drepa menneske med «manglande» nasjonal identitet eller «feil» etnisitet, og slik føra med seg menneskerettsbrot, etnisk reinsing og krig. På den andre sida kan slike hendingar også vera teikn på manglande nasjonsbygging i ein såkalla feila stat.[4]

Former for nasjonsbygging som ikkje treng føra med seg overgrep kan vera bruk av kultur, historieformidling eller politisk verksemd. Kulturelle verkemiddel som oppbygging av nasjonale myter og nasjonalheltar og annan nasjonal kultur og politiske verkemiddel som innføring av nasjonalspråk, eins utdanning og nasjonale institusjonar er døme på dette.[5]

Fotnotar