Myrmalm
Utsjånad
Myrmalm er førekomster av jern i myrområde. Utvinning av jern frå myrmalm vert kalla jernvinne.
Eit museum vigd heilt til verksemda knytt til jernvinne i Noreg er Jernvinnemuseet i Bykle i Setesdal i Aust-Agder fylke.
Sjømalm har same samansetnaden som myrmalm og vert danna på botnen av næringsfattige (oligotrofe) innsjøar. Sjømalm var i tidlegare tider ein viktig ressurs som gjerne vart henta opp om vinteren frå råk i isen. Dei finst i ulike former, gjerne som enkrusteringar eller som rundaktige klumpar (ertemalm). Ertemalm er kjent frå blant anna Storsjøen i Nord-Odal.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sjømalm. (2011, 20. oktober). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/sj%C3%B8malm.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Å utvinne jern av myrmalm Arkivert 2005-09-20 ved Wayback Machine. på http://www.uib.no/gamlenaboar
- Myrmalm Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine. på http://www.nags.netDenne historieartikkelen som har med kjemi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.