Hopp til innhald

Oligotrofisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oligotrof)

At eit miljø er oligotrofisk tyder at det ikkje er eigna til å livnæra særleg mykje liv. Ordet vert i norsk brukt mest om innsjøar, stundom òg jordsmonn. Livet i oligotrofe miljø er ofte særleg interessant på grunn av dei alternative energikjeldene somme av dei brukar.

Sjølve ordet kjem av gresk: Oligo tyder «få», «lite», og trophe tyder «næring», «mat».