Metronym
Metronym eller metronymikon, av gresk meter, 'mor' og onyma, 'namn' er tilnamn, mellomnamn eller etternamn laga av av namnet til mora med eit tillegg som viser slektskapet, i norsk endinga -son eller -dotter, eventuelt -sen, -søn(n) eller -datter.
Bruk i norsk tradisjon
[endre | endre wikiteksten]Metronym er svært sjeldant bruka i Noreg. I staden vart det bruka patronym, også for barn som var fødde utanfor ekteskap og som voks opp i lag med mora. Dersom farskapet var ukjend, kunne metronym bli bruka i staden.
Blant sjeldne døme på metronym i nordisk tradisjon finst Olav Åsteson i «Draumkvedet» og Gunhildsønene frå sogelitteraturen. I den norske kongerekka finn ein Svein Alfivason som eit synonym til Svein Knutsson.
I nyare tid vert barn stundom gjeve metronym som mellomnamn i Noreg.
Metroym som slektsnamn
[endre | endre wikiteksten]I engelsk tradisjon kunne barn av ugifte mødrer eller barn fødde etter at faren doydde få metronym som etternamn. Andre grunnar til å bruka metronym kunne vera at faren sitt namn var utanlandsk, vanskeleg å uttala, eller hadde ei uønskt tyding. Ein kunne også bruka metronym for å unngå forveksling med naboar og slektningar, om mora hadde ein særs sterk vilje eller høg status. Det finst døme på at kongeleg brukte metronym for å støtta krava sine på trona - til dømes var den eldste sonen til Matilda eller Maud av England kjend som Henry FitzEmpress (der -fitz tyder 'son av', frå latin filius), fordi ho var tysk-romersk keisarinne eller empress. Etternamnet Dyson ført tilbake til ei Dionissia som levde rundt 1300.[1] Andre metronyme slektsnamn er Babbs, Beaton, Custer, Hilliard, Ibbetson, Parnell, Maude, Marriott, Megson og Tiffany.[2][3]
På Island er bruk av patronym hovudregelen, men det finst døme på bruk av metronym. Fotballspelaren Heiðar Helguson heitte i oppveksten Heiðar Sigurjónsson, men tok sidan etternamn etter mora Helga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mary Ann Whatmore (nee Dyson) 1876 -1936 and the DNA of her male ancestors Arkivert 2010-11-24 ved Wayback Machine., oppgjev Sykes, Bryan (2003), Adam’s Curse, Bantam Press
- ↑ Hey, David (1997). «metronymic». The Oxford Dictionary of Local and Family History. Oxford University Press.
- ↑ Bowman, William Dodgson. The Story of Surnames. London, George Routledge & Sons, Ltd., 1932. No ISBN.
- Allkunne.no
- Omgrep i genealogien Arkivert 2010-01-07 ved Wayback Machine.