Metroen i Paris
Utsjånad
Métro de Paris | |
Opna | 19. juli 1900 |
Drift | |
---|---|
Eigar | RATP |
Sporlengde | 214 km |
Stasjonar | 300 |
Passasjertal | 3,9 mill. dagleg |
Vognmateriell |
Parismetroen er tunnelbanen i den franske hovudstaden Paris. Banen var opphavleg kjent under namnet Chemin de Fer Métropolitain ('storbyjernbane') og deretter Métropolitain, som raskt vart forkorta til Métro. Parismetroen er den tredje lengste i Vest-Europa, etter undergrunnsbanane i London og Madrid.
Systemet består av 16 linjer, nummererte frå 1 til 14, med tillegg av to korte linjer kalla «3bis» og «7bis», danna som sidebanar med utspring i linje 3 og 7.


Tekniske data
[endre | endre wikiteksten]
- 213 km skjener, meir enn 300 stasjonar
- høgrekøyring
- kvar linje har eigne plattformer, sjølv på stasjonar der ein har overgang til andre linjer
- alle tog stansar ved alle stasjonane på linja
- sporvidda er 1,435 m (normalspor), akkurat som toga på det franske hovudbanenettet. Derimot er vognene smalare, så metroen kan køyre på hovudbanenettet, men ikkje omvendt
- elektrisk kraft blir henta frå ei strømskjene. Spenninga er 750 V DC
- gjennomsnittleg avstand mellom stasjonane er ca. 300 m
- linje 1, 4, 6, 11 og 14 køyrer på gummihjul
- linje 14 er førarlaus (heilautomatisk drift)
- lengda på toga varierer frå linje til linje (3 til 6 vogner er vanleg) avhengig av mengda av passasjerar. Alle tog på same linje har alltid like mange vogner
Ein enkeltbillett gjev reisande så mange overgangar dei vil innan ein to-timarsperiode. Toga går frå ca. fem om morgonen til klokka eitt om natta, heile året.
Metrosystemet vart komplementert med eit nettverk av forstadsbanar RER (Réseau Express Régional), frå 1970-talet.
Linjeoversikt
[endre | endre wikiteksten]Linje | Opna | Lengde | Stasjonar | |
---|---|---|---|---|
![]() |
La Défense - Grande Arche ↔ Château de Vincennes | 1900 | 16,5 km | 25 |
![]() |
Porte Dauphine ↔ Nation | 1900 | 12 km | 25 |
![]() |
Pont de Levallois - Bécon ↔ Gallieni | 1904 | 12 km | 25 |
![]() |
Porte des Lilas ↔ Gambetta | 1921 | 1,3 km | 4 |
![]() |
Porte de Clignancourt ↔ Mairie de Montrouge | 1908 | 12,1 km | 27 |
![]() |
Bobigny - Pablo Picasso ↔ Place d'Italie | 1906 | 14,5 km | 22 |
![]() |
Charles de Gaulle - Étoile ↔ Nation | 1900 | 13,5 km | 28 |
![]() |
La Courneuve - 8. mai 1945 ↔ Mairie d'Ivry/Villejuif - Louis Aragon | 1910 | 22,5 km | 38 |
![]() |
Louis Blanc ↔ Pré Saint-Gervais | 1911 | 3 km | 8 |
![]() |
Balard ↔ Créteil - Préfecture | 1913 | 22 km | 37 |
![]() |
Pont de Sèvres ↔ Mairie de Montreuil | 1922 | 20 km | 37 |
![]() |
Boulogne Pont de Saint-Cloud ↔ Gare d'Austerlitz | 1913 | 12 km | 23 |
![]() |
Mairie des Lilas ↔ Châtelet | 1935 | 6,5 km | 13 |
![]() |
Front Populaire ↔ Mairie d'Issy | 1910 | 15,3 km | 29 |
![]() |
Châtillon - Montrouge ↔ Saint-Denis - Université/Gabriel Péri Asnières - Gennevilliers | 1911 | 21 km | 30 |
![]() |
Saint-Lazare ↔ Olympiades | 1998 | 9 km | 9 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Paris Metro» frå Wikipedia på bokmål, den 1. januar 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad
- Panoramiske bilde av nokre av dei vakraste stasjonane på Parismetroen (på fransk)
- Nettstad for offentleg transport innan Paris Arkivert 2005-12-08 ved Wayback Machine. (på fransk)
- Generell informasjon om Parismetroen (på engelsk)
- Kart over metro- og forstadstoglinjene
- A Railfan's Guide to the Paris Métro (på engelsk)