1900
Utsjånad
1898 | 1899 | 1900 | 1901 | 1902 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1900 (romartal MCM) var eit normalår som byrja på ein mandag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- Boarkrigen i Sør-Afrika heldt fram
- Boksaropprøret i Kina heldt fram
- Det var hungersnaud i India på andre året
Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- Verdsutstillinga i Paris blei halden i Frankrike.
- Sommar-OL 1900 blei haldne i Paris som den andre gongen dei moderne olympiske leikane blei haldne..
- Den første panafrikanske konferansen vart arrangert i London.
- Nobelstiftinga blei skip i Sverige, etter testamentet til Alfred Nobel
- Aleksandr Stepanovitsj Popov sette i drift ein radiotelegraf
- 1. januar: Den første loven om barnevern nokon stad, Lov om behandling av forsømte børn, vergerådsloven, fekk verknad i Noreg.
- Nigeria blei eit britisk protektorat.
- 27. februar Det britiske Arbeidarpartiet blei grunnlagd.
- 18. mai: Tonga blei britisk protektorat.
- 21. mai: Russland invaderte Mandsjuria
- 20. juni: Boksaropprøret: Boksarane drap fleire hundre europearar nær Beijing, blant dei den tyske ambassadøren.
- 2. juli: Ferdinand von Zeppelin flaug det første luftskipet med motor og propellar, LZ1
- 14. desember: Kvantefysikken såg dagens lys då Max Planck la fram sin strålingslov
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- Natt til 16. mars: Bybrann i Sandefjord.
- 1. april: Det norske Landbruks- og matdepartementet blei oppretta som Det Kongelige Landbruksdepartement.
- 21. november: Norsk Arbeidsgiverforening blei stifta.
- 3. desember: Folketeljing. Det var 2 239 881 innbyggjarar i Noreg, 1 152 402 kvinner og 1 087 479 menn. 1 612 230 (72 %) budde i landkommunar og 627 651 i byane.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1900.
- 15. januar: William Heinesen, færøysk forfattar
- 4. februar: Jacques Prévert, fransk diktar
- 19. mars: Frédéric Joliot-Curie, fransk atomfysikar
- 26. april: Charles Francis Richter, amerikansk geofysikar
- 17. mai: Ruhollah Khomeini, iransk statsleiar
- 23. juli: Einar Skjæraasen, norsk forfattar
- 29. juli: Eyvind Johnson, svensk forfattar
- 3. september: Urho Kekkonen, finsk president
- 7. oktober: Heinrich Himmler, tysk politikar
- 14. november: Aaron Copland, USA-amerikansk toneskapar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde i 1900.
- 13. januar: Peter Waage, norsk kjemikar
- 20. januar: John Ruskin, britisk forfattar og kunstkritikar
- 6. mars: Gottlieb Daimler, tysk bilkonstruktør
- 29. juli: Sigbjørn Obstfelder, norsk diktar
- Umberto I av Italia, drepen
- 4. august: Jean-Joseph Étienne Lenoir, belgisk-fransk oppfinnar
- 25. august: Friedrich Nietzsche, tysk filosof
- 15. oktober: Zdenek Fibich, tsjekkisk komponist
- 22. oktober: Anders Askevold, norsk målar
- 22. november: Arthur Sullivan, britisk komponist
- 30. november: Oscar Wilde, britisk forfattar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>