Ludvig den fromme
Ludvig den fromme | |||
| |||
Latin | Ludovicus eller Hludowicus Pius | ||
---|---|---|---|
Tysk | Ludwig der Fromme' | ||
Fransk | Louis le Pieux eller Louis le Débonnaire | ||
Fødd | 16. april 778 | ||
Fødestad | Chasseneuil-du-Poitou | ||
Død | 20. juni 840 | ||
Dødsstad | Ingelheim am Rhein | ||
Gravstad | Abbey of Saint-Arnould | ||
Gift med | Ermengarde of Hesbaye, Judith | ||
Dynasti | Karolingarane | ||
Far | Karl den store | ||
Mor | Hildegard | ||
Born | Lothar I av Det tysk-romerske rike, Ludvig den tyske, Gisela, Karl den skalla, Arnulf of Sens, Rotrude, Bertha, Hildegard, princess of Francia, Pepin I of Aquitaine, Alpais, Adelaide d'Aquitaine |
Ludvig den fromme (16. april 778–20. juni 840) var konge av frankarane og samkeisar med faren sin Karl den store frå 813. Han var òg konge av Aquitaine frå 781. Som den tredje sonen og den einaste gjenverande til Karl den store og den tredje ona hans Hildegard blei han eineherskar for frankarane etter at faren døydde i 814, ein posisjon han hadde til han døydde, bortsett frå tidsrommet 833–834 då han var avsett.
Som herskar av Aquitaine hadde Ludvig ansvaret for forsvaret av den sørvestlege grensa i riket. Han frigjorde Barcelona frå muslimane i 801 og sikra frankisk autoritet over Pamplona og over baskarane sør for Pyreneane i 812. Som keisar inkluderte han dei vaksne sønene sine, Lothar, Pipin og Ludvig, i styringa og søkte å etablera ei eigna fordeling av riket mellom dei. Det første tiåret av styret hans var prega av fleire tragediar og pinlegheiter, særleg den brutale behandlinga av nevøen Bernhard av Italia, som Ludvig sona i ei offentleg handling av sjølvfornedring.
På 830-talet blei riket hans rive opp av innbyrdeskrig mellom sønene hans, berre forverra av Ludvig sitt forsøk på å inkludera den fjerde sonen sin Karl, som han hadde fått med den andre kona si Judith av Bayern, i planane sine om etterfølging. Avsluttinga av styret hans enda med tre år med innbyrdeskrig, og samanlikna med den berømte faren sin, blei Ludvig bedømt lite fordelaktig, men dei problema som Ludvig stod overfor var av ein heilt annan art. Det store riket han hadde arva og tildels utvida blei splitta opp i ulike delar mellom sønene hans då han døydde, og la grunnlaget for dei moderne statane Tyskland og Frankrike.[1]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Arving
[endre | endre wikiteksten]Ludvig blei fødd medan faren hans, Karl den store, dreiv krig i Spania. Fødestaden hans var den karolinske villæn Cassinogilum, 7 km frå sentrum av dagens by Poitiers, i følgje kronikøren Einhard og ein anonym biografi, Vita Hludovici.[2] Ludvig var den tredje sonen til Karl den store med kona hans Hildegard. Farfaren hans var kong Pipin den yngre.
Ludvig blei krona som konge av Aquitaine som barn i 781,[3] og sendt dit med regentar og eit hoff. Karl den store oppretta ein underkongedømme for å sikra grensene til riket sitt etter ein destruktiv krig mot aquitanarar og baskarar.
Ludvig var ein av dei tre legitime sønene til Karl den store som overlevde barndommen. Han hadde ein tvillingbror, Lothar, som døydde som spedbarn. Etter frankisk skikk kunne Ludvig venta å arva ein del av riket til far sin i lag med brørne sine, Karl den yngre, som var konge av Neustria, og Pipin, som var konge av Italia. Ved delinga av riket, Divisio Regnorum, i 806, hadde Karl den store utpeika Karl den yngre som etterfølgjaren sin som keisar og hovudkonge med styre over heile det frankiske riket med Neustria og Austrasia, medan han gav Pippin jernkrona til Lombardia, som var ei besitting som Karl den store hadde vunne ved erobring. Til Ludvig sitt kongedømme Aquitaine la han til Septimania, Provence, og deler av Burgund (grovt sett dei søraustlege delane av dagens Frankrike). Brørne til Ludvig døydde før både han og faren; Pippin i 810 og Karl den yngre i 811, og Ludvig var den einaste gjenverande som blei krona som samkeiser med Karl den store i 813. Då faren døydde i 814 arva han heile det frankiske riket og alle besittingane det hadde, med unntak av Italia, som blei verande under det frankiske riket, men under direkte styre av Ludvig sin nevø Bernard, son av Pippin.[4]
Keisar
[endre | endre wikiteksten]Ludvig fekk vita at faren var død då han var i villaen sin Doué-la-Fontaine i Anjou.[5] Han skunda seg til Aachen og fekk seg sjølv krona som keisar til rop frå adelen: «Vivat Imperator Ludovicus!» (‘Leve keisar Ludvig!’)[5]
Frå byrjinga av styret etterlikna myntane hans portrettet til faren Karl den store, noko som gav dei eit preg av keisarleg autoritet og prestisje.[5] Ganske raskt fekk han sendt alle dei ugifte søstrene sine til nonnekloster for å unngå brudepris og ambisiøse og brysomme svograr.[5] For å kvitta seg med moglege rivalar tvinga han syskenbarna og rådgivarane til faren sin, Adalard og Wala, til la seg kronrake som munkar, og tvangsplasserte dei i klostera Noirmoutier og Corbie.[6]
På skjærtorsdag 9. april 817 kryssa Ludvig og hoffet hans eit tømmergalleri frå katedralen og til palasset i Aachen då galleriet rasa saman. Mange blei drepne, og Ludvig overlevde såvidt. Han følte umiddelbar dødsangst og byrja å planlegga arverekkefølgja si. Tre månader seinare utskreiv han eit Ordinatio Imperii, ei keisarlwg avgjerd som la fram planane for ein velordna etterfølgelse.[7] I 815 hadde han allereie gitt dei eldste to sønene sine ein del av styringa då han sende Lothar og Pipin til å styra høvesvis Bayern og Aquitaine, men utan kongelege titlar. Med den keisarlege avgjerda gjekk han vidare med å dela riket blant dei tre sønene sine:
- Lothar blei utropt til og krona som samkeisar i Aachen. Han fekk løfte om å arva det meste av dei frankiske besittelsane (med unntak av det som blir nemnt under), og ville bli overherre av brørne og syskenbarna sine.
- Pipin blei utropt som konge av Aquitaine. Besittelsane hans omfatta Gascogne, grenseormådene rundt Toulouse, og områda/fylka Carcassonne, Autun, Avallon og Nevers.
- Ludvig, den yngste sonen, blei utropt som konge av Bayern og dei omliggande grenseområda.
I denne planen blei det fastslått at om ein av dei underordna kongane døydde ville han bli følgd av sønene sine. Om han døydde barnlaus ville Lothar arva kongeriket hans. Om Lothar døydde utan søner ville ein av brørne hans bli vald av «folket» til å erstatta han. Framfor alt ville riket ikkje bli delt: keisaren ville herska einerådande over dei underordna kongane.
Roa og ordenen som Ordinatio Imperii var meint å gje kom ikkje. Det braut ut opprør då nevøen til Ludvig, Bernard av Italia, ikkje var nemnt i dokumentet og meinte seg forbigått. Bernard konspirerte i å erklæra sjølvstende. Ludvig leidde straks hæren sin mot Italia. Bernard blei invitert av onkelen sin til eit møte i Chalon. Han overgav seg og blei teken til Aachen, der han blei stilt for ein domstol og dømt til døden for forræderi. Ludvig endra dommen til blinding, som pliktskuld utført. Bernard fekk stukke augo ut, men overlevde ikkje. Han døydde etter to dagar i smerter. Theodulf av Orléans, ein av dei fremste bak Den karolingiske renessanse, blei skulda for å ha støtta Bernard og blei kasta i eit klosterfengsel der han døydde kort tid seinare. Rykta hevda at han var blitt forgifta.[8]
Anna misnøye som oppstod sentrerte rundt Lothar, som allereie var utnemnd til keisar. Dette kom til overflata i 822, då Ludvig blei tvinga til å sona for behandlinga av Bernard og tilkalla syskenbarna sine til hoffet. Den avgjerande hendinga var fødselen av endå ein son i 823, Karl, som Ludvig fekk med den andre kona si, Judith av Bayern. Ludvig var bestemd å¨på at den fjerde sonen hans skulle dela arven hans med dei eldre halvbrørne sine. Dei tre eldre brørne vurderte eikvar endring i avtalen frå 817 som eit angrep på deira eigen posisjon. Frå slutten av 820-talet og fram til slutten av livet til Ludvig i 840 var han i jamleg strid med ein eller fleire av sønene sine, og ved eit tidspunkt blei han avsett av eit bisperåd.[4]
Lojalitetskonfliktane svekte monarkiet, og oppmuntra aristokratiet til å fremja si eiga overleving og framgang framfor kongeriket. Det oppstod òg bitter borgarkrig etter at Ludvig døydde fram til underteikininga av traktaten i Verdun i 843, der det veldige riket til Karl den store blei delt mellom dei gjenverande sønene til Ludvig: Vestfrankarriket blei styrt av Karl den skalla (som den yngste sonen hans blei kalla); Austfrankarriket blei styrt av Ludvig den tyske; Midtriket blei styrt av Lothar I. Sistnemnde, den eldste, heldt på tittelen som keisar og fekk eit kongerike som omfatta dei to keisarlege byane Roma og Aachen, men hadde ingen autoritet over Ludvig sitt rike i Tyskland eller Karl sitt rike i vest. Då Lothar døydde i 855 blei Midtriket hans delt, og Ludvig og Karl gjekk til krig over denne besittelsen.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hellfeld, Matthias von : «Die Geburt zweier Staaten – Die Straßburger Eide vom 14. Februar 842», Deutsche Welle
- ↑ Einhard oppgir navnet på hans fødested sommeren Cassanoilum. I tillegg til Chasseneuil-du-Poitou i nærheten av Poitiers, har forskerne ikke utelukket at Ludvig kan ha blitt født ved Casseneuil (Lot et Garonne) eller ved Casseuil ved elven Garonne i nærheten av La Réole, hvor Dropt flyter ut i Garonne.
- ↑ Riche, Pierre (1993): The Carolingians: The Family who Forged Europe, overs. Michael Idomir Allen, University of Pennsylvania Press, s. 116.
- ↑ 4,0 4,1 Holmes, George (1988): The Oxford Illustrated History of Medieval Europe, London: Guild Publishing, s. 104
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 Driscoll, Michael S. (2012): «Church Architecture and Liturgy in the Carolingian Era», i: Levy, Ian; Macy, Gary; Ausdall, Kristen Van, red.: A Companion to the Eucharist in the Middle Ages, Brill, s. 194.
- ↑ Driscoll, Michael S. (2012): «Church Architecture and Liturgy in the Carolingian Era», s. 195
- ↑ Goldberg, Eric Joseph (2006): Struggle for Empire: Kingship and Conflict Under Louis the German, 817-876, Cornell University Press, s. 31
- ↑ Nelson, Janet L. (1995): The Frankish Kingdoms, 814-898:the West, i: McKitterick, Rosamond, red.: The New Cambridge Medieval History, 700–900, II, Cambridge University Press, s. 114.
- ↑ Holmes, George (1988): The Oxford Illustrated History of Medieval Europe, London: Guild Publishing, s. 105
- Denne artikkelen bygger på «Ludvig den fromme» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mai 2023.