Laiwu
Utsjånad
Laiwu (kinesisk: 莱芜市; pinyin: Láiwú Shì) er eit lite byprefektur midt i provinsen Shandong, aust i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 2 246 km² og hadde ca 1,25 millionar ibuarar i 2006.
Laiwu består av dei to bydistrikta Laicheng og Gangcheng.
Ein del av den store Qi-muren står her att i verneverdig stand, og er oppført på Folkerepublikken Kina si liste over kulturminne.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Kinas riksveg 205 passerer gjennom området. Vegen byrjar i Shanhaiguan i Hebei og ender opp i Shenzhen, sør i provinsen Guangdong. Undervegs fører han gjennom Tangshan, Tianjin, Zibo, Huai'an i Jiangsu, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Laiwu» frå Wikipedia på bokmål, den 29. oktober 2012.