Hopp til innhald

Kronblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kronblad av Ludwigia octovalvis
Dusinvis av kronblad på tulipan

Kronblad (latin petal, frå gresk petalon 'blad', 'tynn plate') er den indre kransen av blomeblad i eit blomsterdekke. Kronblada kan ha mange slags utforming eller fargar.

Hos plantar som vert pollinerte ved hjelp av insekt, er kronblada ofte farga, medan dei hos plantar som vert pollinerte ved hjelp av vind eller vatn, er lite å sjå til.