Hopp til innhald

Kostfiber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kostfiber er karbohydratar i kosten som ikkje kan brytast ned av fordøyelsessystemet til menneske. Til ein viss grad kan slike fibrar likevel brytast ned i tjukktarme ved hjelp av spesielle vom- og tarmbakteriar. Ved nedbryting kan dei omdannast til korte feittsyrer som eddiksyre, propionsyre og smørsyre, som tarmen kan ta opp og bruka som energikjelde.[1]

Kostfiber kjem frå bindingsverk i plantar, og kjem frå celleveggar i alle delane av plantane. Dei kan vera laga av ulike kjemiske samband, som cellulose, hemicellulose, pentosan, pektin og lignin.[1]

Kostfiber har ei nyttig avførande verknad, og har vore brukt til å behandla forstopping. Det finst fleire hypotesar om samanhengar mellom lite fiber i kosten og ein del sjukdommar, som tjukktarmskatarr.<ref name=SML>

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Svihus, Birger (1. august 2018). «kostfiber». Store medisinske leksikon (på norsk).