Kongeørn
Kongeørn | |
kongeørn | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av kongeørn | |
Systematikk | |
Klasse: | Fuglar |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Accipitridae |
Slekt: | Aquila |
Art: | Kongeørn A. chrysaetos |
Vitskapleg namn | |
Aquila chrysaetos |
Kongeørn (Aquila chrysaetos) er den nest største fuglen i Noreg. Vekta er på 3–6 kg, og ho har eit vengespenn på opp til 225 cm. Reiret ligg som regel utilgjengeleg til under eit overheng i ein stupbratt fjellvegg.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Den vaksne kongeørna er mørkebrun med gyllengul isse og nakke og er utfarga etter om lag sju år. Kongeørna er forplantningsdyktig etter fem–seks år, og paret held saman i livslangt «ekteskap». Ungfuglen har lyse felt både på under- og oversida av vengene. Det er vanleg at folk forvekslar kongeørna med den mykje mindre fjellvåken, som har lysare venger med ein karakteristisk mørk flekk under vengeknoken.
Utbreiing og levevis
[endre | endre wikiteksten]Kongeørna er utbreidd i Europa, Asia, Nord-Afrika og Nord-Amerika.[2]
Kongeørna er revirtru og nyttar same reiret år etter år. Enkelte år kan ho stå over hekkinga. Andre år kan ho nytte reservereiret som ho har ein annan stad. Havørna og hønsehauken kan òg ha reservereir. Reiret legg ho helst på ei hylle med overheng i ein bratt fjellvegg, eller i toppen av ei stor furu eller gran.
Rovfuglane startar ruginga når fyrste egget er lagt. Andre egget legg dei to eller tre dagar seinare. Det vert såleis aldersforskjell på ungane, og berre den som ser på dei vaksne når dei kjem med mat, får servering. Den minste blir kua av den største, og svelt som regel i hel. På denne måten veks det som regel opp ein unge i kvart reir. Rugeperioden varer i 40–45 dagar, og ungen vert i reiret i 70–80 dagar.
Freding
[endre | endre wikiteksten]I 1846 vart det innført skotpremie på kongeørna i Noreg, og bestanden gjekk kraftig tilbake. Fyrst i 1968 vart kongeørna freda, og i dag er bestanden stabil. I 2008 rekna ein med at det hekka mellom 1200 og 1450 par i Noreg.
Arten var oppført på norsk raudliste 2006 over artar som nær trua, men på raudlista frå 2010 vart kongeørna ikkje lenger rekna som trua..
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Referansar
- ↑ Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av kongeørn Aquila chrysaetos for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 12. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022.