Judea- og Samaria-området
Judea- og Samariaområdet | |||
hebraisk אֵזוֹר יְהוּדָה וְשׁוֹמְרוֹן, arabisk يَهُوذَا وَالسَّامِرَةِ | |||
distrikt | |||
Land | Mal:Landdata Palestina, Israel | ||
---|---|---|---|
Lokale kommunar | 13 | ||
Regionale kommunar | 6 | ||
Byar | 4 | ||
Administrasjonsstad | Ariel | ||
Judea- og Samaria-området 32°06′19″N 35°11′24″E / 32.105139°N 35.189928°E | |||
Kart som viser Judea- og Samaria-området.
| |||
Wikimedia Commons: Judea and Samaria District |
Judea og Samaria (hebraisk אֵזוֹר יְהוּדָה וְשׁוֹמְרוֹן, Ezor Yehuda VeShomron, òg akronymet יו"ש Yosh eller ש"י Shai; arabisk يَهُوذَا وَالسَّامِرَةِ, Yahuda was-Sāmerah) er dei historiske bibelske namna på området som no generelt vert kalla Vestbreidda.[1] Judea- og Samaria-området er òg eit Israelsk administrativt distrikt, i Område C på Vestbreidda, utanom Aust-Jerusalem.[2]
Status
[endre | endre wikiteksten]Judea- og Samaria-området vert administrert av Det israelske forsvaret sin sentralkommando og militærlov gjeld i området. Dei administrative avgjerslene vert teken av øvstkommanderande. Framtida til regionen er ein nøkkelfaktor i den pågåande israelsk-palestinske konflikten.
Vestbreidda (inkludert Aust-Jerusalem) og Gazastripa vert rekna som okkuperte palestinske territorium av Dei sameinte nasjonane,[3][4] Den internasjonale straffedomstolen, Den europeiske unionen,[5] og ikkje-statlege organisasjonar som Amnesty International,[6] Human Rights Watch,[7] og B'Tselem.[8][9]
Administrative inndelingar
[endre | endre wikiteksten]Området er vidare delt inn i åtte militære administrative regionar: Menashe (Jenin-området), HaBik'a (Jordandalen), Shomron (Shechem-området, på arabisk kalla Nablus), Efrayim (Tulkarm-området), Binyamin (Ramallah/al-Bireh-området), Maccabim (Maccabim-området), Etzion (Betlehem-området) og Yehuda (Hebron-området).
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Byar | Lokale kommunar | Regionale kommunar |
---|---|---|
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Judea and Samaria Area» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Neil Caplan (19. september 2011). The Israel-Palestina Conflict: Contested Histories. John Wiley & Sons. s. 18–. ISBN 978-1-4443-5786-8.
- ↑ «Statistical Abstract of Israel 2012» (PDF). Henta 15. januar 2013.
- ↑ «Vestbreidda». The World Factbook. CIA. Arkivert frå originalen 6. mai 2014. Henta 6. oktober 2014.
- ↑ «Disputes - International: Gazastripa». The World Factbook. CIA. Arkivert frå originalen 9. oktober 2014. Henta 6. oktober 2014.
- ↑ «Occupied palestinsk Territory». EEAS (Europaan External Action Service). Henta 6. oktober 2014.
- ↑ «Annual Report 2011». Amnesty International. Arkivert frå originalen 23. mars 2010. Henta 6. oktober 2014.
- ↑ «Israel and the Occupied Territories». Human Rights Watch. Henta 6. oktober 2014.
- ↑ «Land Expropriation and Settlements i International Law». B'Tselem. Henta 6. oktober 2014.
- ↑ «Legal Consequences of the Construction of a Wall i Occupied palestinsk Territory (Request for advisory opinion) - Summary of the Advisory Opinion of 6. oktober 2014» (PDF). Den internasjonale straffedomstolen. 6. oktober 2014. Arkivert frå originalen (PDF) 25. august 2014. Henta 6. oktober 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jonathan Kaplan. «The Territories», på nettsida for The Jewish Agency for Israel:
- Part 1 Arkivert 2012-06-30 ved Wayback Machine., Part 2 Arkivert 2011-01-06 ved Wayback Machine.