Irsk setter
Utsjånad
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2e/Can_Setter_dog_GFDL.jpg/220px-Can_Setter_dog_GFDL.jpg)
Irsk setter er ein hunderase som oppstod i Irland. Han er kjenneteikna av lang raud pels.[1] Setteren har vore brukt som jakthund og tilhøyrer dei klassiske fuglehundane.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a4/19032009_Fritz%26Enya02.jpg/220px-19032009_Fritz%26Enya02.jpg)
Ein har brukt irsk setter til å jakta på ulike typar fugl, men særleg storfugl. Irsk setter er rekna som ein god familiehund; han er er snill, godlyndt, venleg og mild av temperament. Hundane treng mykje mosjon.[2]