Iñupiaq
iñupiaq iñupiaq | ||
Klassifisering | eskimoisk-aleutisk inuittisk iñupiaq | |
Talarar | Iñupiaqfolk | |
Bruk | ||
Tala i | USA (Alaska) | |
Område | Nordre Nord-Amerika | |
iñupiaqtalande i alt | 2000 | |
Rangering | Ikkje blant dei 100 største | |
Skriftsystem | det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ik | |
ISO 639-2 | ipk | |
ISO 639-3 | ipk |
Iñupiaq eller inupiak er ei gruppe av dialektar av inuitt-språka som blir snakka i dei nordlege og nordvestre delane av Alaska. Til saman blir desse dialektane snakka av omtrent 2000 menneske, av rundt 20 700 iñupiaqfolk.[1]
Dialektar
[endre | endre wikiteksten]Iñupiaq kan delast inn i fem dialektar, som til saman utgjer tre hovudgrupper.
- Den nordlege gruppa:
- 1. North slope iñupiaq
- 2. Malimiut-dialekten
- Området rundt Anatuvuk-passet:
- 3. Nunamiu-dialekten
- Dialektane rundt Seward-halvøya
- 4. Beringsund-dialekten på King Island og Diomedes
- 5. Qawiaraq-dkalekten, som blir snakka i Teller og landsbyane sør for Nome så langt som til Unalakleet.
Grammatikk
[endre | endre wikiteksten]Iñupiaq skil seg lite frå dei andre inuit-språka. Det har tre vokalar, i, u, a, og det er eit agglutinerande språk.
Morfologi
[endre | endre wikiteksten]Substantiv
[endre | endre wikiteksten]Iñupiaq er eit ergativt språk, det vil seie at objektet til eit transitivt verb står i same kasus som subjektet til eit intransitivt verb (kasus absolutiv). Til saman har iñupiaq fem kaus: Absolutiv, relativ, terminativ, lokativ og ablativ.
Substantiv står i eitt av tre numerus, singularis, dualis og pluralis. Dei kan også uttrykke person eller tal for possessor, tre personar og tre tal. I tillegg til grunnforma får kvar kasus-numeruskombinasjon dermed ni former, dvs. eit grunnleggjande substantivparadigme består av 150 ordformer.
Skriftspråk
[endre | endre wikiteksten]Iñupiaq blir skrive med det latinske alfabetet. Rettskrivinga vart utarbeidd av Roy Ahmaogak, ein inupiaq frå Barrow, i lag med den amerikanske lingvisten Eugene Nida. I tillegg til det engelske alfabetet bruker iñupiaq bokstavane ġ ḷ ł ł̣ ñ ŋ.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- MacLean, Edna Ahgeak 1986: North Slope Iñupiaq grammar : first year. Fairbanks, Alaska : Alaska Native Language Center, College of Liberal Arts, University of Alaska
- Kaplan, Lawrence D. 1981: Phonological issues in North Alaskan Inupiaq. Fairbanks, Alaska : Alaska Native Language Center, University of Alaska Fairbanks
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Populations and Speakers | Alaska Native Language Center». Arkivert frå originalen 28. april 2017. Henta 11. august 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Iñupiaq language» frå Wikipedia på engelsk, den 19. desember 2005.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- MacLean, Edna Ahgeak (1986). North Slope Iñupiaq Grammar: First Year. Alaska Native Language Center, College of Liberal Arts; University of Alaska, Fairbanks. ISBN 1-55500-026-6.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettstader
- Ethnologue om North Alaskan Inupiatun
- Ethnologue om Northwest Alaska Inupiatun
- Alaskool Inupiaq Language Resources
- Interaktiv ordbok over iñupiaq
- Iñupiaq morfologisk analysator (utkast) Arkivert 2007-10-14 ved Wayback Machine.
- Bøker
- Barnum, Francis. Grammatical Fundamentals of the Innuit Language As Spoken by the Eskimo of the Western Coast of Alaska. Hildesheim: G. Olms, 1970.
- Blatchford, DJ. Just Like That!: Legends and Such, English to Iñupiaq Alphabet. Kasilof, AK: Just Like That!, 2003. ISBN 0-9723303-1-3
- Bodfish, Emma, and David Baumgartner. Iñupiat Grammar. Utqiaġvigmi: Utqiaġvium minuaqtuġviata Iñupiatun savagvianni, 1979.
- Kaplan, Lawrence D. Phonological Issues in North Alaskan Iñupiaq. Alaska Native Language Center research papers, no. 6. Fairbanks, Alaska (Alaska Native Language Center, University of Alaska, Fairbanks 99701): Alaska Native Language Center, 1981.
- Kaplan, Lawrence. Iñupiaq Phrases and Conversations. Fairbanks, AK: Alaska Native Language Center, University of Alaska, 2000. ISBN 1-55500-073-8
- MacLean, Edna Ahgeak. Iñupiallu Tanņiḷḷu Uqaluņisa Iḷaņich = Abridged Iñupiaq and English Dictionary. Fairbanks, Alaska: Alaska Native Language Center, University of Alaska, 1980.
- Lanz, Linda A. A Grammar of Iñupiaq Morphosyntax. Houston, Texas: Rice University, 2010.
- MacLean, Edna Ahgeak. Beginning North Slope Iñupiaq Grammar. Fairbanks, Alaska: Alaska Native Language Center, University of Alaska, 1979.
- Seiler, Wolf A. Iñupiatun Eskimo Dictionary. Kotzebue, Alaska: NANA Regional Corporation, 2005.
- Seiler, Wolf. The Modalis Case in Iñupiat: (Eskimo of North West Alaska). Giessener Beiträge zur Sprachwissenschaft, Bd. 14. Grossen-Linden: Hoffmann, 1978. ISBN 3-88098-019-5
- Webster, Donald Humphry, and Wilfried Zibell. Iñupiat Eskimo Dictionary. 1970.