Hyllestad kommune
61°10′N 5°18′E / 61.167°N 5.300°E
Hyllestad kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Hyllestad | ||
Areal | 258,90 km² | ||
• land | 247,89 km² | ||
• vatn | 11,01 km² | ||
Folketal | 1 268 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Kjell Eide (Ap) | ||
Kommunenr. | 4637 | ||
Hyllestad kommune 61°10′15″N 5°17′35″E / 61.170833333333°N 5.2930555555556°E | |||
Kart som viser Hyllestad kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Hyllestad | |||
Nettstad: www.hyllestad.kommune.no |
Hyllestad er ein norsk kommune i Vestland fylke.
Kommunen grensar i nord mot Fjaler og i aust mot Høyanger. Sognefjorden dannar grense mot Gulen kommune i sør, mens Solund kommune ligg i sørvest. Hyllestad hadde 1268 innbyggjarar per 1.1.2023.[1]
Kjennemerke
[endre | endre wikiteksten]Hyllestad har den siste tida vorte kjent for kvernsteinproduksjon, ein industri som var i drift i nesten 1000 år. Kvernsteinsproduksjonen vert for tida granska av folk frå Universitetet i Bergen.
Lihesten, eit landemerke på vestlandskysten er det høgaste fjellet i kommunen
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlag for størsteparten av sysselsetjinga i Hyllestad. Hjørnesteinsverksemda er båtverftet Havyard Leirvik.
Kommunesoge
[endre | endre wikiteksten]Hyllestad kommune vart skipa den 1. juli 1861 ved at Hyllestad og Øn sokn vart skilde ut frå Askvoll kommune og slegne saman med Bø sokn frå Lavik kommune.[2] Ved skipinga budde det 2475 personar i Hyllestad kommune.[3] I 1888 vart garden Krakken med 17 innbyggjarar overført frå Hyllestad kommune til Solund kommune.[4]
Befolkningsutvikling | ||
---|---|---|
År | Bef. | ±% |
1920 | 2 278 | — |
1930 | 2 148 | −5,7 % |
1946 | 2 234 | +4,0 % |
1951 | 2 151 | −3,7 % |
1961 | 1 946 | −9,5 % |
1971 | 1 800 | −7,5 % |
1981 | 1 788 | −0,7 % |
1991 | 1 722 | −3,7 % |
2001 | 1 558 | −9,5 % |
2010 | 1 502 | −3,6 % |
Kjelde:1.12.1920,[5] 1.12.1930,[6] 3.12.1946,[6] 1.1.1951[7] |
Hyllestad sokn og prestegjeld
[endre | endre wikiteksten]Hyllestad er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti, og det var til 2004 eit prestegjeld. Prestetenesta i Hyllestad vert no leia av prosten i Sunnfjord prosti,[8] og prestegjeldet er nedlagt. Prestegjeldet vart danna i 1861 av sokna Hyllestad og Øn som vart overførte frå Askvoll prestegjeld og Bø som vart overført frå Lavik prestegjeld.[9] Fram til 2001 var det tre sokn i Hyllestad prestegjeld, Bø sokn, Hyllestad sokn og Øn sokn, men då vart dei tre slegne saman til eitt felles Hyllestad sokn.[10] Det er tre kyrkjer i soknet; Bø kyrkje frå 1868 på Bø ved Bøfjorden, Hyllestad kyrkje frå 1880 i Hyllestad ved Hyllestadfjorden og Øn kyrkje frå 1958 på Sørbøvåg på nordsida av Åfjorden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ SSB 07459: Alders- og kjønnsfordeling i kommuner, fylker og hele landets befolkning (K) 1986-2023
- ↑ «Kommunehistoria i Hyllestad» på nettstaden til NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- ↑ Dag Juvkam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 53
- ↑ Dag Juvkam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 56
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 6,0 6,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ Folkemengd i Hyllestad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ «Ytre Sogn prosti blir lagt ned - Solund fryktar for soknepresten sin» - NRK
- ↑ «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- ↑ Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Øn kyrkje» Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Vestland
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hyllestad kommune
- Oversikt over kommunale arkiv frå Hyllestad i perioden 1862-1965
- Oversikt over kommunale arkiv frå Hyllestad i perioden etter 1964Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.