Bremanger kommune
Bremanger kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Svelgen | ||
Areal | 833 km² | ||
• land | 788 km² | ||
• vatn | 45 km² | ||
Folketal | 3 392 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Anne Kristin Førde (Ap) | ||
Kommunenr. | 4648 | ||
Bremanger kommune 61°48′31″N 5°25′15″E / 61.808611°N 5.420833°E | |||
Kart som viser Bremanger kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Bremanger | |||
Nettstad: www.bremanger.kommune.no |
Bremanger kommune er ein kystkommune som ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord i Vestland fylke. Kommunen er delt i to — indre og ytre Bremanger, høvesvis fastlandet og øyane Bremangerlandet og Frøya.
Kommunikasjon
[endre | endre wikiteksten]Øyane er knytte saman med bru. Ytre del av kommunen har ferjesamband med Måløy. Tunnel under Skatestraumen og bru til Rugsund knytte øyane til fastlandet i 2002(Bremangersambandet 1).Ny tunnel Bortne-Langesi(Bremangersambambandet 2) opna i 2013 og kortar avstand frå øyane til Svelgen (og Florø/Førde) med 40 km.Det er ferjesamband over Nordfjorden frå Isane til Stårheim.Det er snøggbåtsamband nordover til Selje og sørover til Florø og Bergen. Avstand til flyplass i Florø frå Svelgen er 59,9 km. Svelgen, som ligg inst i Nordgulen, er kommunesenter.
Næring
[endre | endre wikiteksten]Næringsgrunnlaget i ytre delen av kommunen har tradisjonelt vore knytt til fiske- og fiskeforedling, noko kystkulturlandskapet ber preg av. I Svelgen ligg den største arbeidsplassen i kommunen — Elkem ASA Bremanger Smelteverk, ei metallurgisk industriverksemd med om lag 290 årsverk. Elles er der jordbruk, skogbruk og serviceverksemder.
Natur
[endre | endre wikiteksten]Kommunen har ein svært variert natur, frå det golde kystlandskapet til frodige landbruksbygder og høge fjell og brear i indre del av kommunen. Fjellet Hornelen er den høgaste sjøklippa i Nord-Europa.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]- Bremanger med 0 innbyggjarar per 1. januar 2023
- Kalvåg med 413 innbyggjarar per 1. januar 2023
- Svelgen med 1 110 innbyggjarar per 1. januar 2023
Bygder
[endre | endre wikiteksten]Kjende folk frå Bremanger kommune
[endre | endre wikiteksten]- Amanda Igland (1917–2002), pensjonatvertinne, fiskarkone, lokalpolitikar og organisasjonskvinne.
- Claus Frimann (1746-1829), diktar og prest.
- Kristofer Pedersen Indrehus (1860-1946), stortingsmann.
- Nikolai Astrup. (1880-1928), kunstmålar fødd i Kalvåg.
- Bård Olav Grotle (1917-1942), krigshelt
- Arvid Eikevik (1935-2015), kunstmålar
- Aase Botnmark (1927-2012), bilethoggar
- Else Myklebust (1938-), programleiar og journalist (NRK)
- Finn Hauge (1950-), jazzmusikar.
- Magni Øvrebotten (1954-), redaktør og journalist.
- Norulv Øvrebotten (1955-), politiker og redaktør.
- Olve Grotle (1964-), stortingsrepresentant.
- Heidi Grande Røys (1967–), politikar (SV) og statsråd 2005-2009.
- Dag H. Nestegard (1968-), forfattar og journalist.
- Cecilie Rise Ortner (1977-), friidrettsutøver
- Erling Sande (1978-), stortingsrepresentant (Sp) og statsråd