Hula
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hula i Libanon.
Hula er ei rekkje rituelle, pantomimiske dansar frå Polynesia, særleg kjende frå Hawaii. Dei byggjer på uttrykksfulle arm-, hand- og overkroppsrørsler. Dansane blir gjerne utført i sitjande, knelande eller ståande stilling. Dei er ledsaga av song og rytmeinstrument.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Hula», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 29. september 2016