Hot Dog av Led Zeppelin
Hot Dog Singel av Led Zeppelin frå albumet In Through the Out Door | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15 August 1979 | |
Innspelt | November–desember 1978 | |
Sjanger | Rock, rockabilly | |
Lengd | 3:17 | |
Selskap | Swan Song | |
Låtskrivar(ar) | Page/Plant | |
Produsent | Jimmy Page | |
Led Zeppelin-kronologi | ||
«Candy Store Rock» / «Royal Orleans» (1976) |
Hot Dog |
|
«Hot Dog» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå In Through the Out Door i 1979. Det er den einaste songen på albumet der John Paul Jones ikkje er medlåtskrivar. Det er ein lystig melodi gjort som ein country-låt med Elvis Presley-liknande vokal av songaren Robert Plant.
Oversyn
[endre | endre wikiteksten]Songen var påverka av amerikansk rockabilly-musikk. Han dukka opp i London under øvingane der, då det var vanleg for dei å spele gjennom gamle Elvis og Ricky Nelson-songar frå 1950-åra.[1] Elvis hadde faktisk ein song kalla «Hot Dog» som han framførte i filmen Loving You i 1957.
Teksten omhandlar ei jente i Texas som «stal hjarta mitt» og kan ha vore basert på ei verkeleg jente i livet til Plant, men han kalla det ei hyllest til Texas og sinntilstanden deira.
«Hot Dog» vart spela på konsertar av Led Zeppelin i 1979 og 1980.
Songen vart òg gjeven ut som B-side til singelen «Fool in the Rain».
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Robert Plant - vokal
- Jimmy Page - gitarar
- John Paul Jones - bassgitar, klaverinstrument
- John Bonham - trommer
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- 1993: Dread Zeppelin (Hot & Spicy Beanburger)
- 1996: Ritual Device & Killdozer ("When the Levee Breaks" CD singel)
- 2002: Shawn Amos (In Between)
- 2002: Clumsy Lovers (Under the Covers)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hot Dog (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9
- Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
- ↑ Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.