Candy Store Rock
Candy Store Rock Singel av Led Zeppelin frå albumet Presence | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. juni 1976 | |
Innspelt | November–desember 1975 | |
Sjanger | Hardrock, rock and roll, heavy metal | |
Lengd | 4:07 | |
Selskap | Swan Song | |
Låtskrivar(ar) | Jimmy Page, Robert Plant | |
Produsent | Jimmy Page | |
Led Zeppelin-kronologi | ||
«Trampled Under Foot» / «Black Country Woman» (1974) |
Candy Store Rock | «Fool in the Rain» / «Hot Dog» (1979)
|
«Candy Store Rock» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå 1976 på albumet deira Presence. Han vart òg gjeven ut som singel i USA, men gjekk ikkje inn på lista der.[1]
Songen er gjort som ein 50-tals rock 'n' roll-song. Ein del av teksten til songaren Robert Plant var delvis inspirert av forskjellige Elvis Presley-songar. John Bonham si trommespeling er meir kontrollert enn bombastisk, driven av samspel mellom ride-cymbalen og skarptromma. Gitarsoloen til Jimmy Page er kort og tilmålt, og kjem halvvegs ut i songen.
Bandet spelte inn songen i Musicland Studios i Tyskland, og det tok dei om lag ein time og skrive han. Plant song songen frå rullestol, sidan han nyleg hadde vore i ei bilulukke i Hellas.
«Candy Store Rock» vart aldri framført på konsertane til bandet[2], bortsett frå eit kort riff av Page på Riverfront Coliseum i Cincinnati i Ohio i april 1977.
Robert Plant reknar «Candy Store Rock» som ein av favorittsongane sine frå Presence.[2]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Candy Store Rock at Songfacts.com». Henta 26. mars 2011.
- ↑ 2,0 2,1 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
- Denne artikkelen bygger på «Candy Store Rock» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9
- Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7