Holarktis
Utsjånad
Holarktis er eit omgrep brukt innanfor økologien for eit dyre- og plantegeografisk område som omfattar både Palearktis og Nearktis. Palearktis dekker heile Europa og Afrika ned til den sørlege grensa for Sahara, og Asia sør til Himalaya. Grønland og heile Nord-Amerika ned til Mexico høyrer derimot til Nearktis.