Hag's Head
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/ac/Hag%27s_Head_-_geograph.org.uk_-_1084318.jpg/220px-Hag%27s_Head_-_geograph.org.uk_-_1084318.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/08/Hag%27s_Head_%28Ceann_Caill%C3%AD%29_-_geograph.org.uk_-_1084363.jpg/220px-Hag%27s_Head_%28Ceann_Caill%C3%AD%29_-_geograph.org.uk_-_1084363.jpg)
Hag's Head eller Hags Head er ein odde[1] som dannar det sørlegaste punktet av Moher-klippene i County Clare på Irland. Klippene dannar ein formasjon som liknar eit kvinnehovud som ser utover sjøen. Staden er eit godt utsiktspunkt for å sjå klippene, og dannar eine enden av turruta Cliffs of Moher Coastal Trail.[2]
Namn
[endre | endre wikiteksten]Ei irsk soge fortel at ei gammal kone eller sjøheks, Mal of Malbay, blei forelska i den irske helten Cú Chulainn, og jaga han over heile Irland. Cú Chulainn flykta ved å hoppa over staurar som om dei var vadesteinar. Mal mista fotfestet, og blei slått mot klippa.[3]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Ein tårnruin kjend som Moher Tower står på Hag's Head. Fram til tidleg på 1800-talet var det også eit festningsverk her kjend som Mothar eller Moher. Hag's Head omfattar også ein naturleg steinboge.[4]:28–9
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Best, James L.; Wignall, Paul B. (26. april 2016), A Field Guide to the Carboniferous Sediments of the Shannon Basin, Western Ireland (på engelsk), John Wiley & Sons, ISBN 978-1-119-25715-8, henta 10. juni 2020
- ↑ «Cliffs of Moher Coastal Walk- Walking the Cliffs of Moher from Hags Head», Travel? Yes Please! (på engelsk), 13. mai 2018, henta 10. juni 2020
- ↑ «Legend of Hags Head, Cliffs of Moher», Cliffs of Moher Cruises (på engelsk), 29. juni 2015, henta 10. juni 2020
- ↑ Roche, D. The Clare Guide - Official Irish Tourist Board Guide. Bord Failte.
- Denne artikkelen bygger på «Hag's Head» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juni 2020.