Hopp til innhald

County Clare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Clare
An Clár
county
Symbol
Land  Irland
Provins Munster
Hovudstad Ennis
Areal 3 450,0 km²
Folketal 117 096 (2011)
Bilnummer CE
Kart
County Clare
52°50′00″N 9°00′00″W / 52.833333333333°N 9°W / 52.833333333333; -9
Kart som viser County Clare.
Kart som viser County Clare.
Kart som viser County Clare.
Wikimedia Commons: County Clare

County Clare (irsk Contae an Chláir eller berre An Clár)[1] er eit grevskap i Republikken Irland sørvest på Irland i provinsen Munster. County Clare ligg på vestkysten av Irland, nordvest for elva Shannon og inntil Lough Derg.

County Clare grensar til Galway og Galway Bay i nord, Tipperary i aust og Atlanterhavet i vest.

Området høyrte tidlegare til distriktet Thomond, som var ein del av Connacht, og då grevskapet Clare vart oppretta gjekk det då òg under namnet Thomond.

Ein del av landskapet i Clare omfattar mellom anna Burren, eit unikt karstlandskap. Området vert rekna for å vere fødestaden for det som i dag er kjend som den tradisjonelle irske folkemusikken.

Eit fylke, Clare County, i den amerikanske delstaten Michigan er kalla opp etter det irske grevskapet.

Byar og landsbyar i County Clare

[endre | endre wikiteksten]

Store byar

[endre | endre wikiteksten]

Mindre byar og landsbyar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «An Clár». Placenames Database of Ireland – logainm.ie. Henta 21. november 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: County Clare