Fuglen munk
Munk | |
Munkhann | |
Munkhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av munk | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Songarfamilien Sylviidae |
Slekt: | Sylvia |
Art: | Munk S. atricapilla |
Vitskapleg namn | |
Sylvia atricapilla |
Munk (Sylvia atricapilla) er ein medlem i songarfamilien Sylviidae.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Munken er ca. 14 cm og veg ca. 19 gram. Både ho og han har kalott. Hos hannen er denne svart og hos hoa raudbrun. Nebbet er svart.
Læte
[endre | endre wikiteksten]Songen liknar på hagesongaren sin.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Arten er utbreidd i Europa frå midt i Fennoskandia til Nordvest-Afrika i vest, i aust til Ural, og til Litleasia og Midtausten i søraust. Fem underartar er skildra, og i Nord-Europa lever nominatunderarten atricapilla. Bestandane i nord og aust er trekkfuglar, fuglane i sør er berre delvis trekkfuglar. Fuglane i vest overvintar på den iberiske halvøya og i det sørlege Frankrike, medan dei i aust overvintrar på Kypros og kysten av Litleasia. Det er slik at fuglane som hekkar lengst nord overvintrar lengst sør. I Europa reknar ein bestanden til 25-49 millionar par. I Fennoskandia har bestanden auka, og også lengre sør ser det ut til å ha vore ein auke dei siste tiåra.
Biotop og utbreiing i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Munken trivst best i lauvskog eller frodig kratt, sjølv om han også er å finne i blandingsskog. Arten er mest talrik i Sør-Noreg til og med Trøndelag, men kan også finnast på gode lokalitetar i Nord-Noreg.
Næring
[endre | endre wikiteksten]Føda er insekt og andre smådyr. I trekktida òg bær.
Hekking
[endre | endre wikiteksten]Hoa legg 5 egg i siste del av mai eller juni. Begge kjønn rugar i 14 dagar. Ungane blir i reiret 11 dagar.
Trekkvanar
[endre | endre wikiteksten]Hausttrekket startar i august, og norske fuglar finn vegen til begge overvintringsområda, både det i søraust og det i sørvest. Nokre fuglar overvintrar i Noreg. Ein del av desse er ungfuglar frå den kontinentale bestanden, som i større grad ikkje trekker, men spreier seg i fleire retningar. Dei første fuglane flyg frå vinterkvartera i februar/mars, og kjem til Noreg i mai, lengst sør i landet kanskje allereie i april.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Hogstad: Norges dyr fuglene 4
- Norsk RingmerkingsAtlas, 2006.