Fraunhoferlinje
Utsjånad
Fraunhoferske linjer eller fraunhoferlinjer er skarpe, mørke linjer på tvers av solspekteret. Dei blir forklart som absorpsjonslinjer som kjem av lys med avgjorde bølgjelengder absorberast sterkt i einskilde atom i den ytre solatmosfæren. Dei gjev difor opplysningar om samansetnaden i solatmosfæren.
Dei fraunhoferske linjene vart først påvist av William Hyde Wollaston i 1802. Han oppfatta dei som delelinjer mellom lys med ulike fargar. Linjene vart gjenoppdaga av Joseph von Fraunhofer i 1814. Han fann ca. 600 slike linjer, avgjorde bølgjelengdene deira og gav dei sterkaste av dei nemningar med bokstavar. Desse linjene er sidan brukt som referanselinjer for lys med avgjorde bølgjelengder.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- fraunhoferske linjer. I Store norske leksikon.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fraunhoferlinje