Hopp til innhald

Fever av Kylie Minogue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fever
Studioalbum av Kylie Minogue
Språk engelsk
Utgjeve 1. oktober 2001
26. februar 2002 (USA)
Innspelt 2001
Sjanger Dansepop, electropop, synthpop, disco
Lengd 45:40
Selskap Parlophone
Capitol Records
Produsent Steve Anderson
TommyD
Cathy Dennis
Rob Davis
Pascal Gabriel
Julian Gallagher
Tom Nichols
Mark Pichiotti
Paul Statham
Kritikk
Kylie Minogue-kronologi 
Light Years
(2000)
Fever Body Language
(2003)
Singlar frå Fever
  1. «Can't Get You Out of My Head»
    Utgjeve: 17. september 2001
  2. «In Your Eyes»
    Utgjeve: 18. februar 2002
  3. «Love at First Sight»
    Utgjeve: 10. juni 2002
  4. «Come into My World»
    Utgjeve: 2. november 2002

Fever er det åttande albumet av den australske songaren Kylie Minogue, utgjeven den 1. oktober 2001 i Australia og Storbritannia av Parlophone. Albumet vart seinare utgjeven i USA den 26. februar 2002 av Capitol Records.

Albuminformasjon

[endre | endre wikiteksten]

Minogue byrja å arbeide på albumet i 2001 med kjende låtskrivarar og produsentar som Cathy Dennis, Rob Davis og Tom Nichols. Albumet nådde førsteplass i Australia, Austerrike, Tyskland, Irland og Storbritannia. Minogue promoterte albumet på mange førestillingar inkludert turnéen KylieFever2002 og ein DVD av konserten filma i Manchester med tittelen KylieFever2002: Live in Manchester vart utgjeve den 18. november 2002.[1]

Fever vart utgjeven av Parlophone den 1. oktober 2001 i Australia, Storbritannia og andre europeiske land.[2][3] I USA vart albumet utgjeven av Capitol Records den 26. februar 2002.[4] Ein spesialversjon av albumet som inneheld eit ikkje utgjeve spor med tittelen «Whenever You Feel Like It» vart utgjeven den 19. november 2002.[5]

Listeplasseringar og sal

[endre | endre wikiteksten]

Den første singelen «Can't Get You Out of My Head» vart eit førsteplass-hit i fleire land. Albumet nådde førsteplass i Australia og på mange europeiske lister og har selt 1,9 millionar eksemplar i Storbritannia. Albumet har selt 8 millionar eksemplar på verdsbasis, noko som gjer det til hennar mestseljande album nokosinne. Det vart det mestseljande albumet hennar i Australia, USA, Canada og Russland. I USA vart albumet sertifisert platina frå Recording Industry Association of America og selde over 1,1 millionar eksemplar.

Albumet nådde fyrsteplass i Australia for fem veker,[3] og vart på den australske albumlistene for syttifire veker i alt, hennar høgaste og lengste albuma i landet. Albumet vart sertifisert sju gonger platina i Australia.[6] Albumet nådde nummer tre i New Zealand[7] og vart sertifisert to gonger platina i landet.[8] Albumet nådde òg fyrsteplass på UK Albums Chart for fire veker og vart der for sytti veker totalt.[9][10] Albumet nådde nummer tre på Billboard 200[11] og var det mest suksessfulle album til Minogue i USA.

Plateomslaget

[endre | endre wikiteksten]

Det er tre ulike versjonar av albumomslaget. Den opphavlege versjonen hadde Minogue iført kvite klede og haldande ein mikrofon. Denne versjonen vart distribuert i Australia, Asia, Europa og Latin-Amerika. Då albumet seinare vart utgjeve i USA og igjen i Asia, vart omslaget endra til ei framside som minner om «In Your Eyes». Dette omslaget er òg tilgjengeleg i Canada. Omslaget på spesialutgåva med ei ekstra plate liknar den opphavlege, men Minogue har her på seg ei blå drakt.

  • «Can't Get You Out of My Head» vart utgjeven i september 2001 i Europa og Australia. Han nådde førsteplass i Australia, Irland, Storbritannia og førti andre land bortsedd frå Finland.[12] I 2002 vart songen utgjeven i USA og nådde nummer sju på Billboard Hot 100.[13]
  • «In Your Eyes» vart utgjeven i februar 2002. Han nådde topplassering i Australia,[14] medan han nådde nummer tre i Storbritannia og nummer seks i Irland. Denne singelen vart ikkje utgjeven i USA.
  • «Love at First Sight» vart utgjeven i juni 2002. Han nådde nummer to i Storbritannia[15] og nummer tre i Australia.[16] Spora vart nominert til ein Grammy Award i 2003, etter å ha nådd førsteplassen på den amerikanske hitlista.
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Produsent(ar)Lengd
1.«More More More»TommyD, Liz WinstanleyTommyD4:40
2.«Love at First Sight»Kylie Minogue, Richard Stannard, Julian Gallagher, Ash Howes, Martin HarringtonStannard, Gallagher3:57
3.«Can't Get You Out of My Head»Cathy Dennis, Rob DavisDennis, Davis3:49
4.«Fever»Greg Fitzgerald, Tom NicholsFitzgerald3:30
5.«Give It to Me»Kylie Minogue, Mark Picchiotti, Steve AndersonPicchiotti2:48
6.«Fragile»Rob DavisDavis3:44
7.«Come into My World»Cathy Dennis, Rob DavisDennis, Davis4:30
8.«In Your Eyes»Kylie Minogue, Richard Stannard, Julian Gallagher, Ash HowesStannard, Gallagher3:18
9.«Dancefloor»Steve Anderson, Cathy DennisAnderson3:24
10.«Love Affair»Kylie Minogue, Richard Stannard, Julian GallagherStannard, Gallagher3:47
11.«Your Love»Kylie Minogue, Pascal Gabriel, Paul StathamGabriel, Statham3:47
12.«Burning Up»Greg Fitzgerald, Tom NicholsFitzgerald, Nichols3:59

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

  • Kylie Minoguevokal, bakgrunnsvokal
  • Rob Davis – gitar, keyboard, produksjon, lydteknikar
  • Greg Fitzgerald – gitar, keyboard, produksjon, programmering
  • Martin Harrington – gitar, keyboard, programmering, lydteknikar
  • Richard Stannard – gitar, bakgrunnsvokal, produksjon
  • Steve Anderson – keyboard, produksjon, programmering
  • Cathy Dennis – keyboard, bakgrunnsvokal, produksjon, miksing
  • Julian Gallagher – keyboard, produksjon
  • Ash Howes – keyboard, programmering, miksing, lydteknikar
  • Steve Lewinson – bassgitar
  • John Thirkell – fløyte, trompet
  • Gavin Wright – strengeinstrument
  • Billie Godfrey – bakgrunnsvokal
  • Tommy D – produksjon, miksing
  • Pascal Gabriel – produksjon, miksing

  • Tom Nichols – produksjon
  • Mark Picchiotti – produksjon, miksing
  • Paul Statham – produksjon
  • Anders Kallmark – programmering, lydteknikar
  • Phil Larsen – programmering, miksing, lydteknikar
  • Bruce Elliot Smith – programmering, miksing
  • Alvin Sweeney – programmering, lydteknikar
  • Adrian Bushby – miksing
  • Tom Carlisle – miksing
  • Tom Elmhirst – miksing
  • Tim Orford – miksing
  • Paul Wright – miksing, lydteknikar
  • William Baker – stilist
  • Vincent Peters – fotografi

Topplisteplasseringar

[endre | endre wikiteksten]

Vekentlege toppliste

[endre | endre wikiteksten]
Toppliste (2001–02) Listeplassering
Australia (ARIA Charts)[3] 1
Austerrike (IFPI Austria)[19] 1
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[20] 14
Belgia (Ultratop 50 Vallonia)[21] 12
Kanada (Canadian Albums Chart)[22] 10
Danmark (IFPI Denmark)[23] 4
Nederland (MegaCharts)[24] 7
Finland (Suomen virallinen lista)[25] 20
Frankrike (SNEP)[26] 21
Tyskland (Media Control Charts)[27] 1
Ungarn (Mahasz)[28] 8
Irland (Irish Albums Chart)[29] 1
Italia (FIMI)[30] 6
Japan (Oricon)[31] 17
New Zealand (RIANZ)[7] 3
Noreg (VG-lista)[32] 4
Polen (ZPAV)[33] 12
Sverige (Sverigetopplistan)[34] 10
Sveits (Schweizer Hitparade)[35] 3
Storbritannia (UK Albums Chart)[9] 1
USA (Billboard 200)[36] 3

Årsslutt toppliste

[endre | endre wikiteksten]
Toppliste (2001) Listeplassering
Australia (ARIA Charts)[37] 5
Austerrike (IFPI Austria)[38] 24
Sverige (Sverigetopplistan)[39] 92
Sveits (Schweizer Hitparade)[40] 18
Storbritannia (UK Albums Chart)[41] 14
Toppliste (2002) Listeplassering
Australia (ARIA Charts)[42] 4
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[43] 67
Belgia (Ultratop 50 Vallonia)[44] 64
Frankrike (SNEP)[45] 55
New Zealand (RIANZ)[46] 30
Storbritannia (UK Albums Chart)[41] 16
USA (Billboard 200)[47] 82
Toppliste (2003) Listeplassering
Australia (ARIA Charts)[48] 57

Tiårsslutt toppliste

[endre | endre wikiteksten]
Toppliste (2000–09) Listeplassering
Australia (ARIA Charts)[49] 13

Sertifiseringar og sal

[endre | endre wikiteksten]
Land Sertifisering Estimert sal
Argentina (CAPIF) Gull 20.000
Australia (ARIA) 7× Platina 490.000
Austerrike (IFPI Austria) Platina 15.000
Belgia (BEA) Gull 25.000
Kanada (Music Canada) 2× Platina 200.000
Danmark (IFPI Denmark) Gull 25.000
Frankrike (SNEP) Platina 300.000
Tyskland (BVMI) Platina 30.000
Hellas (IFPI Greece) Gull 15.000
Ungarn (Mahasz) Platina 25.000
Nederland (NVPI) Gull 40.000
New Zealand (RMNZ) 2× Platina 30.000
Polen (ZPAV) Gull 50.000
Russland (NFPF) Diamant 60.000
Sverige (GLF) Platina 80.000
Sveits (IFPI Switzerland) 2× Platina 80.000
Storbritannia (BPI) 5× Platina 1.682.000
USA (RIAA) Platina 1.159.000
  1. Conrad, Jeremy (11. desember 2002). «Kylie – Fever 2002 – Live in Manchester». IGN. Ziff Davis Media. Henta 2. august 2013. 
  2. «Kylie* – Fever». Discogs. Zink Media, Inc. Henta 31. juli 2013. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Kylie Minogue – Fever». Australian Recording Industry Association. Hung Medien. Henta 18. februar 2011. 
  4. Daw, Robbie (27. februar 2012). «Kylie Minogue’s ‘Fever’ Turns 10: Backtracking». Idolator. Buzz Media. Henta 31. juli 2013. 
  5. «Fever (Special Edition)». iTunes Store (UK). Apple Inc. Henta 31. juli 2013. 
  6. «ARIA Charts – Accreditations – 2002 Albums». Australian Recording Industry Association. Henta 3. august 2013. 
  7. 7,0 7,1 «Kylie Minogue – Fever». Recording Industry Association of New Zealand. Hung Medien. Henta 18. february 2011. 
  8. «Top 50 Albums». RIANZ. 19. januar 2003. Henta 3. august 2013. 
  9. 9,0 9,1 «2001 Top 40 Official UK Albums Archive». Official Charts Company. 13. oktober 2001. Henta 3. august 2013. 
  10. «Kylie Minogue». Official Charts Company. Henta 3. august 2013. 
  11. «Kylie Minogue- Chart History». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 3. august 2013. 
  12. «Kylie Minogue- Can't Get You Out Of My Head (Song)». Australian Charts. Hung Medien. Henta 22. juli 2013. 
  13. 13,0 13,1 «Kylie Minogue- Chart History». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 31. juli 2013. 
  14. «Kylie Minogue - In Your Eyes (Song)». Australian Charts. Hung Medien. Henta 22. juli 2013. 
  15. «2002 Top 40 Official UK Singles Archive». Official Charts Company. Henta 2. august 2013. 
  16. «Kylie Minogue - Love at First Sight (Song)». Australian Charts. Hung Medien. Henta 22. juli 2013. 
  17. «Kylie Minogue - Come Into My World (Song)». Australian Charts. Hung Medien. Henta 23. juli 2013. 
  18. «2002 Top 40 Official UK Singles Archive». Official Charts Company. Henta 2. august 2013. 
  19. «Kylie Minogue – Fever». IFPI Austria. Hung Medien. Henta 18. februar 2011. 
  20. «Kylie Minogue – Fever». Ultratop (Flandern). Hung Medien. Henta 18. februar 2011. 
  21. «Kylie Minogue – Fever». Ultratop (Vallonia). Hung Medien. Henta 18. februar 2011. 
  22. «Canadian album certifications – Kylie Minogue – Fever». Music Canada. Henta 1. november 2013. 
  23. «Kylie Minogue – Fever». IFPI Denmark. Hung Medien. Henta 18. februar 2011. 
  24. «Kylie Minogue – Fever». MegaCharts. Hung Medien. Henta 18. februar 2011. 
  25. «Kylie Minogue – Fever». Finnish Charts. Hung Medien. Henta 18. februar 2011. 
  26. «Kylie Minogue – Fever». SNEP. Hung Medien. Henta 18. februar 2011. 
  27. «Minogue, Kylie: Fever». Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 18. februar 2011. 
  28. «Top 40 album- és válogatáslemez-lista – 2002. 4. hét». Mahasz. Henta 3. desember 2009. 
  29. «Top 75 Artist Album, Week Ending 11 October 2001». Irish Recorded Music Association. Henta 18. februar 2011. 
  30. «Kylie Minogue – Fever». Federation of the Italian Music Industry. Hung Medien. Henta 18. februar 2011. 
  31. «フィーヴァー~スペシャル・エディション/カイリー・ミノーグ (Fever – Special Edition / Kylie Minogue)». Oricon. Henta 18. februar 2011. 
  32. «Kylie Minogue – Fever». Verdens Gang. VG-lista. Hung Medien. Henta 18. februar 2011. 
  33. «Oficjalna lista sprzedaży». OLiS. 24. desember 2001. Henta 18. februar 2011. 
  34. «Kylie Minogue – Fever». Sverigetopplistan. Hung Medien. Henta 18. februar 2011. 
  35. «Kylie Minogue – Fever». Media Control Charts. Hung Medien. Henta 18. februar 2011. 
  36. «Kylie Minogue – Chart history: Billboard 200». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 23. februar 2013. 
  37. «ARIA Charts – End Of Year Charts – Top 100 Albums 2001». Australian Recording Industry Association. Henta 11. januar 2011. 
  38. «Jahreshitparade 2001». International Federation of the Phonographic Industry. Hung Medien. Henta 19. februar 2011. 
  39. «Årslista Album – År 2001». Sverigetopplistan. Henta 19. februar 2011. 
  40. «Swiss Year-End Charts 2001». Schweizer Hitpatade. Hung Medien. Henta 19. februar 2011. 
  41. 41,0 41,1 «Yearly Best Selling Albums» (PDF). British Phonographic Industry. Henta 26. august 2011. 
  42. «ARIA Charts – End Of Year Charts – Top 100 Albums 2002». Australian Recording Industry Association. Henta 11. januar 2011. 
  43. «Jaaroverzichten 2002». Ultratop (Flandern). Hung Medien. Henta 19. februar 2011. 
  44. «Rapports Annuels 2002». Ultratop (Vallonia). Hung Medien. Henta 19. februar 2011. 
  45. «Classement Albums – année 2002». SNEP. Henta 19. februar 2011. 
  46. «Annual Top 50 Albums Chart 2002». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 19. februar 2011. 
  47. «2002 Year End Charts – Top Billboard 200 Albums». Billboard. Nielsen Business Media, Inc. 28. desember 2002. Henta 14. juli 2011. 
  48. «ARIA Charts – End Of Year Charts – Top 100 Albums 2003». Australian Recording Industry Association. Henta 11. januar 2011. 
  49. «ARIA Chart Sales – ARIA End of Decade Albums/Top 100» (PDF). Australian Recording Industry Association. Henta 15. februar 2011. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]