Fatwa
Utsjånad
Fatwa (arabisk فتوى, fatwā) er ei rettsleg vurdering innan det muslimske lovsystemet (sjaria). Det er ei juridisk vurdering eller tolking av muslimsk jus gjort av ein kvalifisert jurist kalla ein mufti[1] eller mujtahid, sistnemnde i sjiaislam.[2] Vurderinga er ikkje ein bindande dom, men har autoritet. Fatwaer har form som svar på spørsmål stilt av ei gruppe eller ein person.[2]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hallaq, Wael B. «Fatwa». Encyclopedia of the Modern Middle East and North Africa. Encyclopedia.com. Henta 22. april 2013.
- ↑ 2,0 2,1 «fatwa» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Fatwa» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2018.
Denne rettsvitskapsartikkelen som har med islam å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.